Linga ved Muckle Roe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linga
Geografi
Linga ved Muckle Roe is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°22′ N 1°21′ WKoordinatar: 60°22′ N 1°21′ W
Øygruppe Shetlandsøyane

Areal 0,70 km²

Høgaste punkt 69 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane

Demografi
Folketal 0

Linga er ei lita, folketom øy, 1 km aust for Muckle Roe i Shetlandsøyane i Skottland. Øya er omtrentleg sirkelforma og det høgaste punktet på øya ligg 69 meter over havet. Ho har eit areal på 0,70 km².

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Linga er nesten heilt sirkelforma med ein topp på midten. Ho ligg mellom innløpet til Olna Firth og Gon Firth på vestkysten av Shetland Mainland.[1] I nord ligg Delting på Mainland og Mainland ligg òg i sør og aust. Papa Little ligg i sørvest og Mavis Grind i nord.

Det ligg ei grunne, Groin Baa, nord for Linga.

Øya består av gneis og skifer, med noko kvartsitt og pelitt. Landskapet består av ujamnt gras og lyngheier.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Overview of Linga». Gazetteer for Scotland. Henta 24. mars 2010. 
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.