Hopp til innhald

Bressay

Bressay
Bressay fyr på Kirkabister Ness Foto: Anne Burgess
Bressay fyr på Kirkabister Ness
Foto: Anne Burgess
Geografi
Bressay is located in
StadNordsjøen
Koordinatar60°09′N 1°05′W / 60.150°N 1.083°W / 60.150; -1.083
ØygruppeShetlandsøyane
Areal28,05 km²
Høgaste punktWard of Bressay (226 moh.)
Administrasjon
LandSkottland
RegionShetlandsøyane
Største busetnadMaryfield
Demografi
Folketal384[1][2] (2001)
Folketettleik13,7 /km²

Bressay er ei øy i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg like austom Shetland Mainland ved Lerwick og er den femte største av Shetlandsøyane. Sundet som skil øya frå Mainland heiter Bressay Sound. Det bur i underkant av 400 menneske på Bressay, dei fleste av desse i området rundt Glebe, Fullaburn og Maryfield midt på vestre kysten. Derfrå går det bilferjer til Lerwick på Mainland. Namnet Bressay skal kome av norrønt Breid ey, 'Breid øy', men det har også vorte forklart som Brus ey, 'Brusi si øy'.

Bressay fyr.

I Maryfield er det eit kulturarvssenter og herregarden Gardie House frå 1724. Ved Bressay Sound ligg Bressay fyr frå 1858. Langs kysten er det klippeformasjonar som holer og bogar.

Sommarstid vert det drive båtrute frå austsida av øya til Noss, ei mindre folketom øy som ligg like austom Bressay.

Bressay kringkastar

[endre | endre wikiteksten]

På Bressay ligg hovudkringkastaren og telekomunikasjonssendaren for Shetlandsøyane. Sendarstasjonen ligg på høgste punktet på øya, Ward of Bressay (226 moh.), sør på øya. Stasjonen har to 50 meter høge radiomaster og er eigd og driven av National Grid Wireless.

  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Ordnance Survey

Denne artikkelen byggjer på «Bressay» henta frå Wikipedia på engelsk 15. mai 2007.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bressay