Hascosay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hascosay
Geografi
Hascosay is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°37′0″ N 0°58′0″ WKoordinatar: 60°37′0″ N 0°58′0″ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 2,75 km²
Høgaste punkt 30 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Demografi
Folketal 0

Hascosay (norrønt Hafskotsey[1]) er ei lita øy mellom Yell og Fetlar i Shetlandsøyane i Skottland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen på øya er grov glimmerhaldig gneis.[2]

Øya har fleire små vatn, men saltsprøyten gjer at dei ikkje er ferske.

Øya har eit areal på 2,75 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1841 budde det 42 menneske på øya, men dette hadde falle til 13 ti år seinare. 20 år seinare stod øya folketom. Landeigaren Arthur Nicholson, som hadde kjøpt øya, hadde tvangsflytta busetjarane på delar av Fetlar og det er mogeleg at innbyggjarane på Hascosay flytta sjølv i påvente av at dei òg kom til å verte tvangsflytta.[2]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Øya har status som Special Area of Conservation (særskild verneområde) på grunn av dei store områda med urørt torvmyr. Her finst òg ein del oter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (red.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 nytrykk). ISBN 0-901824-25-9
  2. 2,0 2,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.