Bigga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bigga
Geografi
Bigga is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°30′ N 1°11′ WKoordinatar: 60°30′ N 1°11′ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 0,78 km²
Høgaste punkt 34 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Demografi
Folketal 0

Bigga er ei folketom øy i Sound of Yell mellom Mainland og Yell i Shetlandsøyane i Skottland.

Bigga
Sauer sør på Yell med Bigga bakom.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er like over 1000 meter lang og har eit areal på 78 hektar. Det høgaste punktet ligg 34 meter over havet. Bigga er ei lang, tynn øy med eit «hovud» og ein «kropp». Nakken er forma av buktene Wester Hevda Wick og Easter Hevda Wick.

Øya er delt mellom sokna Delting og Yell.[1]

Berggrunnen på Bigga består av gneis og kvartsitt.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at namnet på øya kjem frå det norrøne bygdey som tyder «bygningsøya», og kan vise til eit gammalt bygg på øya.

Sør på øya ligg ein gammal brønn, eit kapell og ein gravplass. Det står ein liten førhistorisk varde nord på øya. Nord på øya ligg òg restane av den gamle busetnaden på øya, Norrabister.

«Pribislaw», eit 160 år gammalt tysk fartøy, gjekk på grunn her i 1870. Skipet vart flytta til Lerwick og nytta som lager og verkstad i 1950-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bigga Isle». British History online. http://www.british-history.ac.uk/report.asp?compid=43423#s3. Henta 23. mars 2010. 
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.