Linga ved Yell

Koordinatar: 56°29′N 1°00′W / 56.49°N 1.0°W / 56.49; -1.0
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linga
Geografi
Linga ved Yell is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 56°29′N 1°00′W / 56.49°N 1.0°W / 56.49; -1.0
Øygruppe Shetlandsøyane

Areal 0,45 km²

Høgaste punkt 26 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane

Demografi
Folketal 0

Linga er ei lita, folketom øy i Bluemull Sound i Shetlandsøyane i Skottland. Ho er ei av mange øyar ved Shetland med dette namnet. Øya er 0,45 km² stor og det høgaste punktet ligg 26 meter over havet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Linga består av grov glimmer-skifer og gneis.[1] Øya ligg aust for Yell, nær landsbyen Gutcher. Mellom Linga og Yell ligg Linga Sound. Øya Unst ligg i nordaust. Sound Gruney, Urie Lingey ligg i søraust og Hascosay i sør. Det er lite ferskvatn på øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei hytte på nordsida av øya.

Det vert sagt at Jan Tait frå Fetlar ein gong heldt ein bjørn på øya og at dette vert minnast i stadnamnet Bear's Bait. Jan skal ha kome frå Noreg, der han vart stilt for tinget for ha teke livet av nokon, men han fekk nåde fordi han hadde fanga denne bjørnen, som hadde skapt problem i lengre tid.[1]

Det står eit tomt kapell på øya.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Til å vere ei øy som på norrønt heitte «lyngøya», veks det særs lite her. Ein finn noko oter, lomvi og sel på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.