Pasientfokus
Pasientfokus | |
Ideologi | Helsepolitisk liste |
---|---|
Oppretta | april 2021 |
Partileiar | Irene Ojala |
Stortings- representantar | 1 / 169
|
Nettstad | www.pasientfokus.no |
Pasientfokus er eit norsk politisk parti. Det stilte liste i Finnmark til stortingsvalet 2021 og fekk 0,2 % oppslutning nasjonalt og 13,1 % i Finnmark. Resultatet førte til at partileiaren Irene Ojala blei vald inn på Stortinget.
Den høgst prioriterte saka til partiet er nytt akuttsjukehus i Alta.[1]
Partiet starta i 2017 som ein organisasjon under namnet «Postkortaksjonen» til støtte for betre helsetilbod i Alta og Kautokeino.[2] I 2020 blei aksjonen ført vidare med stiftelsen «Alta Sykehus med Pasientfokus» og ein grunnkapital på 100 000 kr.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/meningsmaling_-pasientfokus-fra-finnmark-kan-havne-pa-vippen-i-stortinget-1.15643005
- ↑ «Opprøret mot pengekjøret i helsevesenet har nå fått sin egen organisasjon: – Penger er både mål og middel». Fagbladet. 9. oktober 2020.
- ↑ «Sykehusstiftelse på plass». Altaposten. 11. desember 2020. Henta 28. september 2021.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad
Denne politikkartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.