Kystpartiet
Kystpartiet | |
| |
![]() Logo | |
Ideologi | Sentrumsnær konservatisme |
---|---|
Oppretta | 1999 |
Farge | Grøn og svart |
Partileiar | Roy Waage |
Ordførarar | 3 |
Kommunestyre- representantar | 47 |
Fylkestings- representantar | 3 (2007) |
Stortings- representantar | 0 |
Nettstad | www.kystpartiet.no |
Kystpartiet er eit verdikonservativt sentrumsparti. Partiet vart formelt skipa den 1. februar 1999 under leiing av Steinar Bastesen. Han hadde då, sidan stortingsvalet i 1997 sete på Stortinget for Tverrpolitisk Folkevalgte, som var ein laust organisert forgjengar for Kystpartiet. Bastesen vart attvald i 2001, men partiet fekk ikkje inn nokon stortingsrepresentantar i 2005. Roy Waage følgde Steinar Bastesen som partileiar etter sterk kritikk innad i partiet.
Kystpartiet vart tufta på grunnlag av misnøye med måten Stortinget handlar med EU på.
Kystpartiet mista ordføraren (Thor Tøllefsen) i Karlsøy ved valet i 2007. . Tøllefsen var òg partiet sin førstekandidat under stortingsvalet 2005. Paul Rånes var frå 2003 til 2007 ordførar for KP i Røst og Roy Waage er ordførar i Skjervøy, etter at han og kommunestyregruppa melde overgang frå Kristeleg Folkeparti, og vann valet i 2007.
Stortingsvalshistorikk[endre | endre wikiteksten]
Årstal | Prosent av stemmene |
---|---|
2001 | 1,7% |
2005 | 0,8% |
Kystpartiet har hovudvekta av støtta si i Nordland og Troms. Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet 14 042 stemmer, eller 10,9 %, i Nordland, noko som innebar eitt mandat på tinget. 8 124 stemmer, eller 10,0 % i Troms same året var akkurat for lite. Ved stortingsvalet 2005 gjekk partiet kraftig tilbake i Nordland og fekk berre 4 155 stemmer, eller 3,1 %. Partiet mista derfor mandatet sitt. Sjølv om tilbakegangen var mindre i Troms, 7 218 stemmer, eller 8,6%, heldt det heller ikkje denne gongen til mandat frå fylket.
Partiet i kommunar og fylkesting[endre | endre wikiteksten]
Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 2,0 % av røystene i Nordland, 3,5 % i Troms - om lag 0,4 % på riksplan.