Liberalistane
Liberalistane | |
Partileiar: | Arnt Rune Flekstad |
Oppretta: | 2014 |
Ideologi: | Liberalisme, Laissez-faire |
Farge: | Lilla |
Hovudkontor: | Postboks 223 0103 Oslo |
Epost: | post@liberalistene.org |
Nettstad: | Liberalistene.org |
Ordførarar: | 0 |
Kommunestyrerepresentantar: | 0 |
Fylkestingsrepresentantar: | 0 |
Stortingsrepresentantar: | 0 |
Medlemstal: | c. 1000 |
Ungdomsorganisasjon: | Liberalistisk Ungdom |
Partiavis: | - |
Internasjonal tilknyting: | International Alliance of Libertarian Parties, Interlibertarians |
Europeisk tilknyting: | - |
Les òg: | Norsk politikk Norske parti Norske røystingar |
Liberalistane (forkorta Lib) er eit politisk parti i Noreg. Partiet har liberalisme som ideologisk fundament og byggjer òg på opplysingstidstradisjonen og den sekulære vestlege kulturarven. Partiet arbeider for ein minimumsstat som avgrensar seg til å syte for politi, forsvar og rettsvesen. Partiet ønskjer ikkje at staten skal regulere økonomi eller andre samfunnsområde.
Politikk[endre | endre wikiteksten]
Liberalistane har som målsetjing å vere konsekvent liberalistiske og fremje politikk i samsvar med prinsippet om laissez-faire-kapitalisme.
Organisasjon[endre | endre wikiteksten]
Liberalistane vart skipa i 2014.[1][2] Partiet er representert i atten fylke: Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Hedmark, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Oppland, Oslo, Rogaland, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag, Telemark, Troms, Vest-Agder, Vestfold og Østfold.[3][4]
Liberalistane blir leia av eit sentralstyre, som mellom anna har Espen Hagen Hammer som leiar og Agnethe Johnsen som nestleiar.[5] Partisekretær er Eigil Knudsen.[6]
På engelsk heiter Liberalistane Capitalist Party.[7]
Liberalistane sitt ungdomsparti er Liberalistisk Ungdom. Det vart skipa i 2004 og gjekk i 2014 over frå Det Liberale Folkepartiet til Liberalistane.
Lister[endre | endre wikiteksten]
Partileiarar[endre | endre wikiteksten]
- 2014–2015: Espen Hagen Hammer
- 2015-2016: Arnt Rune Flekstad
Partinestleiarar[endre | endre wikiteksten]
- 2014–2015: Agnethe Johnsen
- 2015-2016: Roald Ribe
Partisekretærar[endre | endre wikiteksten]
- 2014–2015: Eigil Knudsen
Fylkeslag[endre | endre wikiteksten]
- Liberalistane Akershus
- Liberalistane Aust-Agder
- Liberalistane Buskerud
- Liberalistane Hedmark
- Liberalistane Hordaland
- Liberalistane Møre og Romsdal
- Liberalistane Nord-Trøndelag
- Liberalistane Nordland
- Liberalistane Oppland
- Liberalistane Oslo
- Liberalistane Rogaland
- Liberalistane Sogn og Fjordane
- Liberalistane Sør-Trøndelag
- Liberalistane Telemark
- Liberalistane Troms
- Liberalistane Vest-Agder
- Liberalistane Vestfold
- Liberalistane Østfold
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Brønnøysundregistra: Liberalistene
- ↑ Studvest: Norway shrugs – Liberals are Growing in Norway 22. oktober 2014.
- ↑ Liberalistene.org: Fylkeslag
- ↑ Liberaleren: Åtte fylkeslag er i drift 16. januar 2015.
- ↑ Liberalistene.org: Sentralstyret
- ↑ Lillesands-Posten: Ønsker liberalistisk samfunn 10. oktober 2014.
- ↑ Liberalistene.org: Vedtekter