Hopp til innhald

Feministisk initiativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feministisk initiativ


LandNoreg
Grunnlagtmars 2015
Ungdomsorg.Unge Feminister
IdeologiFeminisme
Farge     Rosa

Feministisk initiativ (forkorta FI-Norge eller F!) er eit norsk politisk parti som baserer seg på feminisme.

Feministisk initiativ blei stifta 23. mars 2015 i Bergen etter inspirasjon frå arbeidet til Feministiskt initiativ i Sverige. Partiet definerer seg sjølv som blokkuavhengig[1][2] og omtalar seg som eit feministisk parti som arbeidar for likestilling, og mot all form for undertrykking og diskriminering av kvinner.

Feministisk initiativ stilte lister til kommune- og fylkestingsvala i 2015 (Bergen/Hordaland og Oslo) og 2019 (Oslo), men fekk ikkje inn nokon representantar. Under Stortingsvalet 2017 fekk partiet 696 røyster,[3] og blei ikkje representert på Stortinget. Partiet stilte igjen ved Stortingsvalet 2021, der det mottok 275 røyster.[4]

Talsperson for Feministisk initiativ i 2017 var Cathrine Linn Kristiansen i Oslo og Sunniva Schultze-Florey i Bergen. Begge var då fyrstekandidat på kvar si valliste.

Ved årsmøtet 30. april 2022 valde Feministisk initiativ å gå over til hierarkisk styre. Partiet valde samstundes å spisse politikken sin endå meir retta for kvinner i nytt partiprogram for 2022–2023.

Per mars 2023 er leiar og talsperson for Feministisk initiativ Jannicke Unsgaard, og nestleiar er Silje Olsen.[5] Partisekretær for partiet er Ulla Lise Johansen.[5]

  1. Gjesteblogger: Feministene kommer! Om hvorfor det trengs et feministisk parti i Norge, Maddam, 26. mars 2015
  2. «Feministisk_Initiativ_(Norge)» i Store norske leksikon, snl.no., besøkt 24. mars 2023.
  3. «Stortingsvalg 2017». valgresultat.no. Henta 24. mars 2023.
  4. «Stortingsvalg 2021». valgresultat.no. Henta 24. mars 2023.
  5. 1 2 «Om oss». Feministisk Initiativ (på engelsk). Henta 24. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]