Periferien Dei joniske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferien Dei joniske øyane
Περιφέρεια Ιονίων Νήσων
Plasseringa til Periferien Dei joniske øyane i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Kérkyra
Periferieiningar: Kérkyra
Levkáda
Itháki
Kefaloniá
Zákynthos
Folketal: 204 532 (2021[1])
Areal: 2 307 km²
Folketettleik: 89 /km²
Heimeside: ionianisia-region.com

Dei joniske øyane (gresk: Ιόνια νησιά, Iónia nisiá) er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg i Det joniske havet utanfor vestkysten av landet. Hovudstaden er Kérkyra by.

Periferien omfattar dei tidlegare prefektura Kérkyra, Levkáda, Kefaloniá, Zákynthos. Kýthira utanfor sørspissen av Peloponnes, som tradisjonelt har vore rekna til øygruppa Dei joniske øyane, inngår ikkje i periferien Dei joniske øyane, men er ein del av Attikí.

Periferieiningar og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Dei joniske øyane delt inn i fem periferieiningar som frå 2019 omfattar 11 kommunar.[2][3]

Periferieining Innbyggjarar Kommunar
Kérkyra 101 600 Nord-Kérkyra, Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane, Sør-Kérkyra, Paxí
Levkáda 22 826 Levkáda, Meganísi
Itháki 2 862 Itháki
Kefaloniá 36 064 Argostóli, Lixoúri, Sámi
Zákynthos 41 180 Zákynthos
Kommune Periferieining Areal Folketal Hovudsete
1   Nord-Kérkyra Kérkyra 205,5 17 278 Akharávi
2   Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane Kérkyra 260,0 67 112 Kérkyra by
3   Sør-Kérkyra Kérkyra 143,5 14 744 Levkímmi
4   Paxí Kérkyra 30,1 2 466 Gáios
5   Levkáda Levkáda 335,8 21 900 Levkáda by
6   Meganísi Levkáda 22,3 926 Katoméri
7   Itháki Itháki 117,8 2 862 Vathý
8   Argostóli Kefaloniá 372,7 23 574 Argostóli
9   Lixoúri Kefaloniá 119,3 6 989 Lixoúri
10   Sámi Kefaloniá 288,5 5 501 Sámi
11   Zákynthos Zákynthos 407,6 41 180 Zákynthos by

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferien er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[4] Folketal 2021[1]
Kérkyra by Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 24 838 23 541
Argostóli Argostóli 9 748 10 120
Zákynthos by Zákynthos 9 772 9 760
Levkáda by Levkáda 8 673 8 467
Kanália Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 4 086 4 768
Alepoú Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 3 149 4 171
Potamós Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 3 840 3 596
Lixoúri Lixoúri 3 752 3 549
Levkímmi Sør-Kérkyra 2 936 2 680
Kondokáli Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 1 660 2 107
Vathý (Itháki by) Itháki 1 920 1 676

Referansar[endre | endre wikiteksten]