Pink Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pink Moon
Studioalbum av Nick Drake
Språk engelsk
Utgjeve 25. februar 1972
Innspelt 30–31. oktober 1971
Studio Sound Techniques, London
Sjanger Folk
Lengd 28:22
Selskap Island
Produsent John Wood
Nick Drake-kronologi 
Bryter Layter
(1971)
Pink Moon Fruit Tree
(1979)


Pink Moon er det tredje og siste studioalbumet til den engelske visesongaren Nick Drake, gjeve ut i Storbritannia på Island Records den 25. februar 1972.[1] Det var det einaste studioalbumet til Drake som kom ut i Nord-Amerika medan han levde, sjølv om det var komen ut eit samlealbum året i 1971, berre kalla Nick Drake med songar får dei to første albuma. Pink Moon skil seg frå dei andre albuma ved at det vart spelt inn utan akkompagnement av eit band, med berre Drake på vokal, akustisk gitar og eit kort pianoriff på tittelsporet.

Albumet kom ut to år før Drake døydde i november 1974, 26 år gammal. Tekstane på Pink Moon har ofte blitt tilskriven den pågåande kampen Drake kjempa mot depresjon.[2] Songane er kortare enn på dei tidlegare albuma, og den totale lengda på albumet er berre litt over 28 minuttar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dei to første albuma til Nick Drake på Island Records, Five Leaves Left (1969) og Bryter Layter (1971), hadde selt dårleg, i tillegg til at Drake var motvillig til å halde konsertar eller marknadsføre albuma. Island var derfor ikkje sikker på at dei ønskte eit nytt album frå Drake.[2] Drake hadde i tillegg isolert seg sjølv i leilegheita si London og sleit med depresjon. I 1971 gjekk han til ein psykiater og fekk antidepressiva, som han var motvillig til å ta på grunn av stigmaet som depresjonen medførte og ei frykt for at det var dårleg å blande med marihuana, som han røykte fast.[2] Sjølv om kritikarane ofte har assosiert musikken til Drake, og særleg melankolien på Pink Moon, med depresjonen hans, sa Cally Calloman frå Bryter Music, som styrer boet til Drake: «Nick kunne ikkje skrive eller spele inn musikk i periodane han var deprimert. Han var ikkje deprimert då han skreiv eller spelte inn Pink Moon og var særs stolt over albumet.»[3] After facing disappointment with various aspects of his first two albums, Drake sought a more organic sound with Pink Moon.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Drake verka å ha bestemt seg på førehand at han ville halde det tredje albumet enkelt og ikkje bruke så mange musikarar som han hadde gjort på Bryter Layter. I sjølvbiografien til Joe Boyd, som produserte dei to første albuma til Drake, hugsa Boyd at Drake hadde sagt til at han då innspelinga var over at han ønskte å spele inn det neste albumet aleine.[4] Det same sa Drake i eit intervju med Sounds i mars 1971.[5]

Etter ein kort ferie i Spania, der han budde i villaen til sjefen i Island Records, Chris Blackwell,[6] vendte Drake attende til London frisk og rask og i oktober 1971 hadde han eit møte med lydteknikaren og produsenten John Wood.[2] Wood hadde arbeidd med Drake på dei to førre albuma hans og var ein av få personar Drake følte han kunne stole på. Wood hadde òg arbeidd med artistar som Fairport Convention, Cat Stevens og Pink Floyd, og ofte i lag med produsenten Joe Boyd.

Albumet vart spelt inn i Sound Techniques i London seint i oktober 1971 med berre Drake og Wood til stades.[7] Studioet var oppteken på dagtid, så Drake og Wood kom der kring kl. 23 og spelte inn krring halvparten av songane. Den neste kvelden og natta gjorde dei det same med resten av songane. På berre to netter spelte Drake inn det som vert rekna som eit av dei viktigaste visealbuma gjennom tidene.[8]

Ei segn skal ha det til at Drake droppa albumet frå seg i ein plastpose i resepsjonen hos Island Records utan å sei i frå til nokon, men han skal i røynda ha levert lydbanda til Chris Blackwell i Island.[2]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Keith Morris tok biletet av Drake for omslaget på Five Leaves Left og vart tinga til å fotografere Drake for omslaget til Pink Moon. Men det vart avgjort at dei ikkje kunne bruke bileta på grunn av den lute haldninga til Drake og det tomme blikket i andletet hans. I staden valde Island eit surrealistisk Dalí-aktig verk av Michael Trevithick.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[9]
Hi-Fi News & Record ReviewA[10]
Q (1990)4/5 stars[11]
Q (2000)5/5 stars[12]
Pitchfork10/10[13]
Rolling Stone (2000)4/5 stars[14]
Rolling Stone (2003)5/5 stars[15]
Uncut5/5 stars[16]

Pink Moon fekk mykje meir merksemd i den britiske pressa enn dei to første albuma til Drake, men dei fleste meldingane om albumet var likevel korte. Jerry Gilbert i Sounds, som hadde utført det einaste kjende intervjuet med Drake året før, uttrykte at han var skuffa over albumet og frustrert av det han meinte var mangel på motivasjon frå Drake. Han meinte at songane i seg sjølv ikkje var sterke nok til å kunne spelast uakkompagnert.[17]

Då albumet kom ut i 1990- og 2000-åra hadde Drake ein langt høgare status hos musikkpressa og meldingane for albumet har i stor grad vore særs positive. Uncut skreiv «det som er heilt sikkert er at dette er eit av dei beste singer-songwriter-albuma, nesten alle av dei 11 spora er tidlause klassikarar.[16]

I 2003 vart albumet rangert på 320. plassen på lista ti Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[18] I 2012 vart albumet flytta ned til 321. plassen.[19]

I Storbritannia vart Pink Moon rangert på 48. plassen av Melody Maker blant dei 100 beste albuma gjennom tidene i 2000,[20] og 1266. plassen på lista til Uncut over dei 200 beste albuma gjennom tidene i 2016.[21]

Tittelsongen blei brukt i ein reklame for bilmerket Volkswagen som gjekk i USA i 2000.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Nick Drake.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Pink Moon»2:06
2.«Place to Be»2:43
3.«Road»2:02
4.«Which Will»2:58
5.«Horn»1:23
6.«Things Behind the Sun»3:57
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Know»2:26
8.«Parasite»3:36
9.«Free Ride»3:06
10.«Harvest Breed»1:37
11.«From the Morning»2:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Nick Drake – vokal og akustisk gitar; piano på «Pink Moon»
Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Humphries, Patrick (1998). Nick Drake: The Biography. London, England: Bloomsbury. s. 174. ISBN 978-0-7475-3503-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Dann, Trevor (2006). Darker Than the Deepest Sea: The Search for Nick Drake. London, England: Da Capo Press. ISBN 978-0-306-81520-1. 
  3. Petrusich, Amanda (2007). Pink Moon. Bloomsbury Academic. ISBN 978-0-8264-2790-8. 
  4. Boyd, Joe (2006). White Bicycles – Making Music in the 1960-åra. London, England: Serpent's Tail. ISBN 978-1-84765-216-4. 
  5. Gilbert, Jerry (13. mars 1971). «Something else for Nick?». Sounds (London, England: United Newspapers). 
  6. Brown, Mick (12. juli 1997). «The sad ballad of Nick Drake». The Daily Telegraph (London, England: Telegraph Media Group). Henta 29. april 2019. 
  7. MacDonald, Ian (January 2000). «Exiled from Heaven». Mojo (London, England: EMAP) (74): 32–47. Arkivert frå originalen 10. desember 2011. Henta 29. april 2019. 
  8. Silva, Jared (16. februar 2011). «Second Look: Nick Drake – Pink Moon». www.beatsperminute.com. Henta 29. april 2019. 
  9. Raggett, Ned. «Review: Nick Drake – Pink Moon». AllMusic. Henta 29. april 2019. 
  10. Dellar, Fred (May 1972). «Current Pop». Hi-Fi News & Record Review: 939. 
  11. Aston, Martin (August 1990). «Review: Nick Drake – Pink Moon». Q (47): 111. 
  12. Harris, John (August 2000). «Delicate Flower». Q (167): 112–13. 
  13. Greene, Jayson (22 January 2014). «Nick Drake: Tuck Box : Album Reviews : Pitchfork». Pitchfork. Henta 29. april 2019. 
  14. DeCurtis, Anthony (17. februar 2000). «Review: Nick Drake – Pink Moon». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. juni 2018. Henta 29. april 2019. 
  15. Hunter, James (15. mai 2003). «Review: Nick Drake – Pink Moon». Rolling Stone (922): 136. 
  16. 16,0 16,1 MacDonald, Ian (August 2000). «Behind the sun». Uncut (39): 92. 
  17. Gilbert, Jerry (25. mars 1972). «Review: Nick Drake – Pink Moon». Sounds. 
  18. «Nick Drake, 'Pink Moon'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 29. april 2019. 
  19. Wenner, Jann S. (ed.) (2012). The 500 Greatest Albums of All Time. ISBN 978-7-09-893419-6. 
  20. «All Time Top 100 Albums». Melody Maker. 5. januar 2000. 
  21. «200 Greatest Albums of All Time». Uncut (225). February 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]