Róbert Fazekas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Róbert Fazekas
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 18. august 1975 (48 år)
Szombathely
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 193 centimeter

Róbert Fazekas (fødd 18. august 1975) er ein ungarsk friidrettsutøvar frå Szombathely. Han tevla i diskoskast og vart europameister i øvinga under EM i München i 2002 og tok sølvmedalje i VM i Paris i 2003. Fazekas vart utestengd frå idretten for brot på dopingreglane 2004-07 og på ny frå 2012 til 2020.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fazekas vart i 1998 nummer fire i europameisterskapen i Budapest. Den 29. august 1998 forbetra han i heimbyen Szombathely sin personlege rekord med over seks meter til 66,61 m. I VM i friidrett 1999 i Sevilla kom han 11. plass. Under sommarleikane 2000 i Sydney vart han slått ut i kvalfiseringa. I 2001-sesongen forbetra han sitt personbeste til 68,09 meter, men var langt unna slike lengde i kvalifiseringa under VM i Edmonton og vart slått ut.

Prestasjonane til Fazekas eksploderte i 2002. Han deltok i 18 tevlingar, og vann 16 av dei. I europameisterskapen i München vann Fazekas gullmedaljen framom olympiameisteren Virgilijus Alekna frå Litauen og tyskaren Michael Möllenbeck. Året etter vart resultatlista omsnudd under VM i friidrett 2003 i Paris, Alekna tok gullet og Fazekas fekk sølv.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2004 vann Fazekas diskosøvinga både under Super-Grand-Prix-stemnet i Madrid og Weltklasse Zürich; til OL i Aten reiste han som den største favoritten i diskoskast. I den olympiske finalen 23. august 2004 slengde Fazekas diskosen heile 70,93 meter i den andre omgangen, 1,53 meter over den åtte år gamle olympiarekorden til Lars Riedel. Med det lengste kastet i tevlinga hadde han tilsynelatande sikra seg OL-gullet, men vart i staden diskvalifisert då han ikkje var i stand til å avlegge ein urintest. Han vart så utestengd frå aktiv idrett i tre år.

Fazekas gjorde comeback i diskosringen i 2008. Han kvalifiserte seg for dei olympiske leikane i Beijing, der han vart nummer åtte.

Tett opp under dei olympiske sommarleikane i London 2012 vart Fazekas teken med ein positiv dopingprøve med Stanozolol. Han vart deretter utestengd frå idretten i åtte år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Fazekas har ein personleg rekord i diskoskasting på 71,70 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]