Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Ragnhild Sælthun Fjørtoft | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. juni 1947 (77 år) Lærdal kommune |
Yrke | kanalvert |
Ektefelle | Arne Fjørtoft |
Ragnhild Sælthun Fjørtoft (fødd 9. juni 1947) er ein norsk fjernsynsmedarbeidar som er særleg kjend som kanalvert. Ho nyttar nynorsk i arbeidet sitt.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Fjørtoft er frå Seltun i Lærdal. Ho kjem frå ein politikarfamilie; mor hennar Ambjørg Sælthun har vore aktiv bondesaks- og senterpartipolitikar, og var Stortingsrepresentant frå 1973 til 1985 . Bror hennar Lasse Sælthun har gått same politiske vegen, og er rådmann i Lærdal.
Ho fekk jobb i Norsk rikskringkasting i 1969, der ho har vore programmedarbeidar sidan. Ho har vore produsent, programleiar, kommentatorlesar, omsetjar og det dei fleste kjenner henne best som, kanalvert. Ho har fått fleire prisar for sin sikre nynorske språkbruk,og i 2006 fekk ho Gullrute-heidersprisen. Ho har vore leiar for språkutvalet i kringkastinga. Ho er òg leiar i laget Venner av Det Norske Teatret.
Fjørtoft interesserer seg mellom anna for poesi, og gav i 2002 ut ei samling av yndlingsdikta sine, med kommentarar. Boka heiter Under bergfall og kom ut på Det norske samlaget.
Fjørtoft har opp gjennom åra vore engasjert i utviklingshjelparbeid og har vore styremedlem i organisasjonar som UNICEF, Strømmestiftelsen, Forut og Antislaveriselskapet.
Eurovision
[endre | endre wikiteksten]Eurovision Song Contest 1996
[endre | endre wikiteksten]Fjørtoft delte ut poenga frå Noreg i Eurovision Song Contest 1996 i Oslo i Noreg, men kom ut på scena under poengutdelinga i staden for å verte syna fram i ei rute ved sida av programleiar Ingvild Bryn.[1][2] Ho er dimed den fyrste og einaste poengutdelaren som har entra scena under tevlinga.[1][2]
Eurovision Song Contest 1997
[endre | endre wikiteksten]Òg under Eurovision Song Contest 1997 i Dublin i Irland fekk Fjørtoft dele ut poenga frå Noreg.[3]
Eurovision Song Contest 1998
[endre | endre wikiteksten]Under Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham i Storbritannia delte Fjørtoft ut dei norske poenga for tredje år på rad.
Eurovision Song Contest 1999
[endre | endre wikiteksten]Fjørtoft delte ut dei norske poenga for fjerde og siste gong under Eurovision Song Contest 1999 i Jerusalem i Israel.[4]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Kringkastingsprisen i 1994
- Storegutprisen i 2004
- Heidersprisen under utdelinga av Gullruten 2006.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Eurovision Song Contest 1996» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 7. februar 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «BBC - Eurovision 1996 final - full voting & winning Ireland». YouTube. 30. september 2014. Henta 7. februar 2015.
- ↑ «The Eurovision Song Contest (1997 TV Special) - Full Cast & Crew» (på engelsk). Internet Movie Database. Henta 8. februar 2015.
- ↑ «The Eurovision Song Contest (1999 TV Special) - Full Cast & Crew» (på engelsk). Internet Movie Database. Henta 8. februar 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1947
- NRK-tilsette
- Programleiarar for NRK
- Norske fjernsynsfolk
- Folk frå Lærdal
- Norske Eurovision Song Contest-poengutdelarar
- Eurovision Song Contest 1996-poengutdelarar
- Eurovision Song Contest 1997-poengutdelarar
- Eurovision Song Contest 1998-poengutdelarar
- Eurovision Song Contest 1999-poengutdelarar
- Vinnarar av Storegutprisen