Eurovision Song Contest 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eurovision Song Contest 1999
Dato
Vertskap
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Austerrike
Bosnia-Hercegovina
Danmark
Island
Litauen
Ikkje med
Finland
Hellas
Makedonia
Romania
Slovakia
Sveits
Ungarn
Kart
Røysting
Vinnar
Take Me to Your Heaven
Eurovision Song Contest
1998 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 2000

Eurovision Song Contest 1999 var den 44. Eurovision Song Contest, og vart arrangert den 29. mai 1999 i Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem i Israel. Israel fekk arrangementet etter at Dana International vann året før, i 1998. Programleiarane var Yigal Ravid, Dafna Dekel og Sigal Shahamon. Etter ei spanande avstemming vann Sverige sitt bidrag «Take me to your heaven» av Charlotte Nilsson. Dette var fjerde gongen Sverige vann i historia, og andre gongen dei vann i 1990-åra. (Carola vann i 1991 med «Fångad av en stormvind»).

Frå og med dette året droppa EBU regelen som sa at bidraga måtte vera på eitt av dei offisielle språka i landet det kom frå; deltakarane stod no fritt til å syngja på kva språk dei ville. I 1999 valde 13 av dei 23 landa å syngja heilt eller delvis på engelsk. Arrangøren trong heller ikkje å stille med eit orkester lenger, noko som har ført til at alle songane har blitt framført med singback sidan. Irske Johnny Logan, som har vunne tevlinga tre gonger (to gonger som artist, ein gong som låtskrivar) kritiserte denne avgjersla, og sa at tevlinga hadde vorte ei rein karaoke-tevling.

Latvia skulle eigentleg debutera, men trekte seg i siste liten. Som fylgje av dette vart Ungarn tilbode plassen deira. Då Ungarn avslo, fekk Portugal tilbodet om den ledige plassen, og dei takka ja. Ungarn kom ikkje att før i 2005.

Både Tyskland og Bosnia-Hercegovina måtte senda 2. plassane frå sine nasjonale finalar til Jerusalem. Dette kom av at vinnarane frå begge landa vart diskvalifiserte. Men både vinnaren i Tyskland, Corinna May, og vinnaren i Bosnia-Hercegovina, Hari Mata Hari, skulle koma att seinare, i kvar seg 2002 og 2006.

Artisten Selma frå Island med songen «All Out of Luck» var ein stor favoritt til å vinna tevlinga. Kypros vart på førehand tippa som ein av hovudutfordrarane hennar, men enda til slutt nest sist med berre to poeng (frå Storbritannia). Under avstemminga vart det ein kamp mellom Island, Kroatia, Sverige og Tyskland, der Island låg i teten det meste av tida. Bosnia-Hercegovina avgjorde til slutt det heile i Sverige sin favør, ved å gje dei 12 poeng og ingenting til Island.

Noreg sitt bidrag, «Living My Life Without You» av Stig van Eijk enda på 14. plass med 35 poeng.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Språk Artist Sang Omsetjing Plass Poeng
01 Litauen Samogitisk Aistė Smilgevičiūtė «Strazdas» Måltrasten 20 13
02 Belgia Engelsk Vanessa Chinitor «Like the Wind» Som vinden 12 38
03 Spania Spansk Lydia «No quiero escuchar» Eg vil ikkje høyra 23 1
04 Kroatia Kroatisk Doris Dragović «Marija Magdalena» Maria Magdalena 4 118
05 Storbritannia Engelsk Precious «Say It Again» Sei det igjen 12 38
06 Slovenia Engelsk Darja Švajger «For a Thousand Years» I tusen år 11 50
07 Tyrkia Tyrkisk Tuğba Önal og Group Etnik «Dön Artık» Kom tilbake 16 21
08 Noreg Engelsk Stig van Eijk «Living My Life Without You» Lever livet mitt utan deg 14 35
09 Danmark Engelsk Trine Jepsen og Michael Teschl «This Time I Mean It» Denne gongen meiner eg det 8 71
10 Frankrike Fransk Nayah «Je veux donner ma voix» Eg vil gje mi stemme 19 14
11 Nederland Engelsk Marlayne «One Good Reason» Éin god grunn 8 71
12 Polen Polsk Mietek Szczesniak «Przytul mnie mocno» Hald meg fast 17 19
13 Island Engelsk Selma «All Out of Luck» Tom for hell 2 146
14 Kypros Gresk Marlain «Tha 'ne érotas» Det vil vera kjærleik 22 2
15 Sverige Engelsk Charlotte Nilsson «Take Me to Your Heaven» Ta meg til din himmel 1 163
16 Portugal Portugisisk Rui Bandeira «Como tudo começou» Korleis alt begynte 21 12
17 Irland Engelsk The Mullans «When You Need Me» Når du treng meg 17 18
18 Austerrike Engelsk Bobbie Singer «Reflection» Refleksjon 10 65
19 Israel Hebraisk og engelsk Eden «Yom huledet (Happy Birthday)» Fødselsdag (Gratulerer med dagen) 5 93
20 Malta Engelsk Times Three «Believe 'n Peace» Trur på fred 15 32
21 Tyskland Tysk, tyrkisk, engelsk og hebraisk Sürpriz «Reise nach Jerusalem – Kudüs'e Seyahat» Reisa til Jerusalem 3 140
22 Bosnia-Hercegovina Bosnisk og fransk Dino og Béatrice «Putnici» Reisande 7 86
23 Estland Engelsk Evelin Samuel og Camille «Diamond of Night» Diamant av natten 6 90


Røystegjeving[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter rekkefølgjen på røystinga i finalen. Deltakerlanda brukte telefonrøysting, medan Litauen, Tyrkia, Irland og Bosnia-Hercegovina brukte jury.[1]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Litauen 2 5 3 1 2 13 20
Belgia 4 2 10 2 10 5 5 38 12
Spania 1 1 23
Kroatia 6 5 12 12 8 7 1 7 4 2 1 6 6 8 7 5 10 8 3 118 4
Storbritannia 5 4 5 2 4 1 4 4 8 1 38 12
Slovenia 10 2 2 12 1 6 12 5 50 11
Tyrkia 4 5 12 21 16
Noreg 7 6 7 7 5 3 35 14
Danmark 5 5 5 1 12 8 8 3 7 5 2 4 6 71 8
Frankrike 2 2 8 2 14 19
Nederland 4 12 3 8 3 5 7 6 4 2 1 4 6 2 4 71 8
Polen 7 4 6 19 17
Island 8 8 10 10 10 10 12 7 4 12 12 4 4 2 10 10 3 10 146 2
Kypros 2 2 22
Sverige 3 7 6 12 7 6 12 10 3 8 6 10 6 10 5 6 8 12 2 12 12 163 1
Portugal 12 12 21
Irland 12 4 1 1 18 17
Austerrike 6 7 4 6 3 2 3 8 1 7 5 5 8 65 10
Israel 3 8 8 1 3 2 2 10 4 10 1 10 3 8 1 6 7 2 4 93 5
Malta 6 6 3 1 7 1 7 1 32 15
Tyskland 10 7 3 1 6 12 3 5 8 12 12 5 2 12 10 12 3 10 7 140 3
Bosnia-Hercegovina 1 10 10 7 7 8 6 3 5 3 6 12 8 86 7
Estland 1 4 1 3 8 5 4 4 5 8 2 10 7 8 3 1 7 6 3 90 6

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i finalen:

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
5 Sverige Bosnia-Hercegovina, Estland, Malta, Noreg, Storbritannia
Tyskland Israel, Nederland, Polen, Portugal, Tyrkia
3 Island Danmark, Kypros, Sverige
2 Kroatia Slovenia, Spania
Slovenia Irland, Kroatia
1 Bosnia-Hercegovina Austerrike
Danmark Island
Irland Litauen
Nederland Belgia
Portugal Frankrike
Tyrkia Tyskland

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eurovision Song Contest 1999 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 21. august 2017. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]