Raoul Wallenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raoul Wallenberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 4. august 1912
Lidingö, Stockholm, Lidingö församling
Død

17. juli 1947 (34 år)

Yrke arkitekt, forretningsdrivande, diplomat, bankier
Språk svensk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Raoul Oscar Wallenberg
Mor Maj von Dardel
Nettstad https://www.raoulwallenberg.net
Raoul Wallenberg på Commons

Raoul Gustaf Wallenberg (4. august 191217. juli 1947) var ein svensk diplomat som leia ein redningsaksjon for jødar i Ungarn frå 1944 til 1945.

Familiebakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wallenberg vart fødd i Stockholm som son av underløytnant Raoul O. W. og kona Maria (Maj), fødd Wising. Faren døydde av kreft tre månader før Raoul vart fødd, og mora gifte seg på nytt med Fredrik von Dardel i 1918, då Raoul var seks år gamal.

Slekta Wallenberg har vore ei drivande kraft mellom anna innan svensk bankvesen og industri. Nokre gonger vert slekta Wallenberg omtala som jødisk. Bakgrunnen til denne omtala kan vera at Raoul Wallenberg si mormor var av slekta Benedicks. I likskap med Wallenberg hadde denne slekta som mål å investera og samla opp kapital. Enkelte gonger vert det rekna som ein eigenskap ved jødar at dei samlar opp rikdomar.

Tanken var at Raoul skulle fylgja familietradisjonen og verta bankdirektør. Det synte seg at han var meir interessert i arkitektur. Han gjekk ut av gymnaset i 1930 med høge karakterar i teikning og russisk. Etter at han hadde avtent verneplikta reiste han til Frankrike for å studera fransk. Frå før kunne han godt tysk, russisk og engelsk. Etter opphaldet i Frankrike reiste han til USA og Universitetet i Michigan for å studera arkitektur, der han avslutta 4 ½-årsprogrammet på 3 ½ år. I 1935 var Raoul i Sør-Afrika i 6 månader og arbeidde for eit svensk byggefirma. Etter det fekk han tilsetjing på eit hollandsk bankkontor i Haifa, Palestina. Der møtte han jødar som hadde klart å fly frå Nazi- Tyskland. Då han kom heim til Sverige arbeidde han for Koloman Lauer, ein jøde frå Ungarn, på Centraleuropeiska Handelskompaniet. Wallenberg fekk høyra mange skildringar som fekk han til å reisa til Budapest sumaren 1944 for å redda jødar.

Minnesmerke i London over Raoul Wallenberg

Redningsaksjonar i Ungarn[endre | endre wikiteksten]

19. mars 1944 invaderte nazistane Ungarn. Den 14. mai same året vart dei fyrste jødane sende til konsentrasjonsleiren Auschwitz sør i Polen. Raoul Wallenberg hadde høyrt historier i både Sverige og Palestina om korleis jødane vart handsama i Europa.

Koloman Lauer, som var i Ungarn og hjelpte jødar, ville at den då 31 år gamle Raoul skulle koma till Ungarn og hjelpa til. Den 8. juli 1944 reiste Raoul til Budapest. 437.402 jødar hadde då allereie vorte sende av garde i 148 godstog. Det fanst berre att jødar i sjølve Budapest; alle på landsbygda var tekne. Det var 230.000 att, men dei fleste hadde gjeve opp vona.

Raoul, Koloman, Per Anger og mange andre delte ut såkalla Schutzpass (tysk for «tryggleikspass») til jødane. På passa stod det «Svédország», som tyder Sverige på ungarsk. I midten var det svenske rikssymbolet tre kronor. Tre krone-symbolet vart nytta for å vekkja respekt som eit offisielt symbol. Alle jødar som fekk dei «svenske» passa kunne ta bort jødestjernene sine frå jakkene. Raoul Wallenberg delte ut veldig mange schutzpass, og mange jødar vart redda.

Ein gong vart eit tog med 1600 jødar stogga og sendt attende. Adolf Eichmann, SS-leiaren i Budapest, kunne berre venta på at toga skulle setja i gang att. Ungarn sin diktator, Miklós Horthy, sa den 15. oktober 1944 til Sovjetunionen at han var viljug til å slutta fred. Tyskarane tvinga Horthy til å gå av. I staden vart Ferenc Szálasi sett inn som leiar i Ungarn. Eichmann kom attende og byrja igjen med vekksending av jødar. Ingen tog fanst att, men i staden vart jødane tvinga til å gå den 200 km lange vegen til Austerrike. Mange svalt i hel og vart torturerte til døde av tyskarane. Mange hengde seg sjølv eller vart hengde i tre. Nokre tok livet av seg ved å drukna seg i elva Donau eller fraus til døde. Marsjen har vorte kalla ein dødsmarsj. Raoul Wallenberg prøvde å fylgja med og delte ut mat og schutzpass til jødane. Han tok dei med pass ut av marsjen og redda slik om lag 2000 personar.

Ved eit høve truga SS-generalen Gerhard Schmidthuber med at han skulle setja i gang ein massakre i ein av jødegettoane i Budapest. Då trua Raoul med at Scmidthuber skulle verta hengd etter krigen. Slik vart 69.000 jødar redda.

Den 13. januar 1945 nådde sovjetiske styrkar Budapest. Då fanst det 120.000 jødar att i Ungarn. Den 17. januar ville Raoul fylgja med russarene til hovudkvarteret deira i Debrecen, ein by aust for Budapest. Til dei han samarbeidde med sa han at han ikkje var trygg på om han ville vera gjest eller fange. Om han kunne koma attende skulle han koma innan åtte dagar.

Raoul og sjåføren Vilmos Langfelder vart arresterte av det sovjetiske NKVD. NKVD var føregangaren til etterretningsorganisasjonen KGB. Dei vart sett i Lubjanka-fengselet i Moskva. Ein kan ha trudd at Wallenberg var spion for USA. Truleg døydde Wallenberg av hjertinfarkt den 17. juli 1947. Trass i dette har fangar rapportert om at han skulle leva ut på 1950-talet.

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Raoul Wallenberg si systerdotter, Nane Lagergren, er gift med dei sameinte nasjonane sin tidlegare generalsekretær, Kofi Annan.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Berger, Susanne (2005; "Stuck In Neutral: The Reasons Behind Sweden's Passivity in the Raoul Wallenberg Case";

www.raoul-wallenberg.asso.fr

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raoul Wallenberg