Rapphøner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rapphøner
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Underfamilie: Perdicinae
Slekt: Rapphøner Perdix
Brisson, 1760

Rapphøner er biologisk slekt Perdix med tre nolevande fuglar i fasanfamilien. Den eine arten rapphøne kan treffast sporadisk i søraustlegaste Noreg, desse er resultat av introduserte fuglar som jaktvilt. Naturleg utbreiing for gruppa er i eit sentralt belte gjennom Den palearktiske regionen. Arten rapphøne er dessutan innført som jaktvilt i Nord-Amerika.

Slekta Perdix vart først skildra av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760 med rapphøne (Perdix perdix) som typeart.[1] Slektsnamnet er latin for «rapphøne», som i seg sjølv er avleidd frå gammalgresk 'πέρδιξ' (pérdīx).[2] Rapphøner er nært i slekt med ryper, vaktlar og fasanar.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er mellomstore hønsefuglar på 28-33 centimeter med lyst, uklårt farga nebb og bein, brune striper og flekker på oversida, tverrstriper på flankane og korte, raudbrune halar. Arten rapphøne er marginalt større enn dei to andre artane. Ingen av kjønna har sporar på beina, og den einaste forskjellen på fjørdrakta er at hoene har ein tendens til å vere mattare i utsjånad enn hannar. Fjellrapphøne har eit slåande svart-kvitt ansiktsmønster, svarte bryst og 16 halefjører i staden for 18 hos dei to andre artane.

Naturleg utbreing for gruppa er frå nordaustre Iberia i vest, austover til Primorskij kraj i søraustre Russland. Nordgrensa er sørlege Finland, sørgrensa er Tyrkia og Nepal. Det er representantar for Perdix i det meste av tempererte Europa og Asia. Éin medlem av slekta, rapphøna, har vorte introdusert til USA og Canada som jaktvilt. Dette er standfuglar på opphavleg på sletteland og liknande ope land, sjølv om dei i dag er meir knytt til jordbruksland. Reiret er ein fora grunn skrape i bakken i eller nær dekke. Dei lever av eit breitt utval av frø og noko insekt.

Alle dei tre artane er kategoriserte som livskraftige av Verdas naturvernunion. Arten rapphøne har vore hardt ramma av landbruksendringar, og med reduksjon av utbreiingsområdet.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Rapphøner i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[4] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]

  • Fjellrapphøne, Perdix hodgsoniae, Tibetan Partridge, (Hodgson, 1856), (LC)
Lever rundt Det tibetanske høgfjellsområdet, frå sentrale kinesiske Qinghai- og Gansu-provinsar i nord, i aust inn i Sichuan, i mot sør inn i ekstremt nordvestlege India, Nepal og Buthan.[6]
  • Rapphøne, Perdix perdix, Grey Partridge, (Linné, 1758), (LC)
Frå nordlege Iberia og Storbritannia i vest, over sentrale Europa til grensa mot Mongolia i Sentral-Asia. Introdusert i Nord-Amerika.[7]
Lever i Sentral-Asia: Kirgisistan austover gjennom Tien Shan- og Altajfjella i Kasakhstan og nordvestlege Kina, aust til Zabajkalskij kraj.[8]
Trivialitet

Rapphøner deler namnet sitt med Perdix, nevøen til Daidalos frå gresk mytologi, som forvandla seg til fuglen då onkelen hans myrda han i sjalusi. Han vart drepen då han vart kasta hovudstups ned frå den heilage Minerva-høgda. Derfor, med tanke på fallet hans, byggjer fuglen reiret sitt på bakken, flyg heller ikkje høgt og unngår generelt høge stader.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Carroll, et al (2020). Gray Partridge: Infoboks
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 297. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Bao, X.K.; Liu, N.F.; Qu, J.Y.; et al. (2010). «The phylogenetic position and speciation dynamics of the genus Perdix (Phasianidae, Galliformes)». Molecular Phylogenetics and Evolution 56 (2): 840–847. PMID 20363341. doi:10.1016/j.ympev.2010.03.038. 
  4. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 27. mars 2024. 
  5. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 27. mars 2024. 
  6. McGowan, P. J. K. og G. M. Kirwan (2020). Tibetan Partridge (Perdix hodgsoniae), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tibpar1.01
  7. Carroll, J. P., P. J. K. McGowan, og G. M. Kirwan (2020). Gray Partridge (Perdix perdix), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.grypar.01
  8. McGowan, P. J. K., G. M. Kirwan, og P. F. D. Boesman (2020). Daurian Partridge (Perdix dauurica), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.daupar1.01
  9. Holmes, Richard (2013). Falling Upwards: How We Took to the Air. HarperCollins. s. 1760. ISBN 9780007467259. Henta 16 April 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]