Raprock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Raprock er ein musikksjanger som blandar dei vokale og instrumentale elementa frå hiphop med forskjellige former av rock. Dei mest populære undersjangrane av raprock er rap metal og rapcore, som inneheld element av heavy metal og hardcore punk. Eit av dei tidlegare døma på rap rock er «The Magnificent Seven» av The Clash, som blanda new wave, hip hop og funk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kanskje det aller tidlegaste dømet på rapping i rock er «Year of the Guru» av Eric Burdon and the Animals, ein psykedelisk rockesong frå 1968 der Eric Burdon, i følgje AllMusic, «tok rolla til ein moderne rapper».[1] I 1983 gav KISS ut songen «All Hell's Breakin' Loose» på albumet Lick It Up der songaren Paul Stanley rapper versa. I 1986 samarbeidde Run–D.M.C. med Aerosmith på ei nyinnspeling av Aerosmith-songen «Walk This Way», som først kom ut i 1975. Suksessen til «Walk This Way» var med å føre hiphop ut til eit større kvitt publikum,[2] etter ein tidlegare eksperimentell song av rapparen LL Cool J, «Rock the Bells», der han hadde brukt ein vanleg rap-tekst over eit hardrock-arrangement. Beastie Boys, tidlegare ei hardcore punk-gruppe, byrja å arbeide med hip hop-sjangeren. Debutalbumet deira, Licensed to Ill, er stort sett basert på ein rockestil.[3] Dei tre nemnde artistane samarbeidde alle med produsenten Rick Rubin, som har fått æra for å ha skapt raprock-sjangeren. I 1989 kom Tone-Lōc[4] sin «Wild Thing»[5] frå debutalbumet Lōc-ed After Dark og denne nådde toppen av Billboard 200. I 1991 samarbeidde thrash metal-bandet Anthrax med den politiske hip hop-gruppa Public Enemy på ein versjon av «Bring the Noise», der det Anthrax-vokalisten Scott Ian og Public Enemy-rapparen Chuck D begge rappa over eit tungt gitarriff. Public Enemy-songen «She Watch Channel Zero?!» består av Chuck D som rappar over eit riff frå Slayer-songen «Angel of Death».

Raprock byrja å nå ut til eit større publikum i 1990-åra. Amerikanske rockeband som 311, 24-7 Spyz, Faith No More og Rage Against the Machine blanda rock og hip hop.[6][7] Samstundes gjorde britiske band som Pop Will Eat Itself og Senser noko liknande i Europa. Filmmusikken til filmen Judgment Night frå 1991 inneheld 11 samarbeid mellom hiphop- og rockeartistar.[8] Urban Dance Squad blanda funk, heavy metal, hip hop og punk.[9] Biohazard, som samarbeidde med hardcore hiphop-gruppa Onyx på songen «Judgement Night» frå albumet med same namn, vert rekna som banebrytande innafor sjangeren.[10]

Andre populære raprock-band i 1990-åra var Bloodhound Gang[11] Kid Rock[12] og Limp Bizkit.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce Eder. «Every One of Us - Eric Burdon & the Animals | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2014-06-08. 
  2. Sanneh, Kelefa (December 3, 2000), Rappers Who Definitely Know How to Rock, The New York Times, http://query.nytimes.com/gst/fullpage.html?res=9B0DE2DB143DF930A35751C1A9669C8B63, henta 23. september 2016 
  3. Erlewine, Stephen Thomas. «Review of Licensed to Ill». Allmusic. Henta 23. september 2016. 
  4. Tone Lōc
  5. Wild Thing
  6. Henderson, Alex. «Genre essay: Rap-Metal». Allmusic. Henta 2008-06-24. 
  7. Grierson, Tim. «What Is Rap-Rock: A Brief History of Rap-Rock». About.com. Henta 23. september 2016. 
  8. Greene, Jr, James (April 4, 2008). «Review of Judgment Night: Music from the Motion Picture». PopMatters. Henta 23. september 2016. 
  9. Jenkins, Mark (July 14, 1990), Urban Dance Squad, The Washington Post, http://www.highbeam.com/doc/1P2-1137290.html, henta 23. september 2016 
  10. Pop and Jazz Guide, The New York Times, December 26, 2003, http://query.nytimes.com/gst/fullpage.html?res=9F0CE3D9163EF935A15751C1A9659C8B63, henta 23. september 2016 
  11. Potterf, Tina (October 1, 2003), Turners blurs line between sports bar, dance club, The Seattle Times, http://community.seattletimes.nwsource.com/archive/?date=20031001&slug=turners01n, henta 23. september 2016 
  12. Long Live Rock n' Rap: Rock isn't dead, it's just moving to a hip-hop beat. So are its mostly white fans, who face questions about racial identity as old as Elvis, Newsweek, July 19, 1999, http://www.highbeam.com/doc/1G1-55145760.html, henta 23. september 2016 
  13. «Genre: Rap-Metal». Allmusic. Henta January 1, 2009.