Richard Coughlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Coughlan
WildeFlowers.jpg
Coughlan (første til høgre) som medlem av The Wilde Flowers (1966)
Fødd2. september 1947(1947-09-02)
FødestadHerne Bay i Kent i England
Død1. desember 2013 (66 år)
DødsstadBroadstairs
OpphavStorbritannia
Aktiv1966–2013
SjangerProgressiv rock, jazzfusion, Canterbury scene, kunstrock
InstrumentTrommeslagar
Tilknytte artistarThe Wilde Flowers, Caravan
Verka somMusikar

Richard Coughlan (2. september 19471. desember 2013)[1][2] var ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist i Canterbury scene- og det progressive rockebandet Caravan. Han var med å skipe Caravan i 1968 og vart verande i bandet fram til han døydde.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1966 vart Coughland medlem av The Wilde Flowers, der han erstatta Robert Wyatt på trommer, då han slutta for å skipe Soft Machine. I 1968 skipa han Caravan i lag med andre musikarar frå The Wilde Flowers.[1][3] Grupppa var aktiv fram til tidleg i 1980-åra, og spelte inn ti album på denne tida. I 1990 kom Caravan saman att. Coughlan vart verande med bandet fram til han døydde etter ei tids sjukdom i desember 2013.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Richard Coughlan». Calyx, the Canterbury Website. Henta 26. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 Swanson, Dave (9. desember 2013). «Caravan Drummer Richard Coughlan Dies». Ultimate Classic Rock. Henta 26. oktober 2019. 
  3. Eder, Bruce. «Richard Coughlan». AllMusic. Henta 26. oktober 2019.