If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You
Studioalbum av Caravan
Utgjeve 4. september 1970
Innspelt Februar 1970
Studio Tangerine Studios i Dalston i London
Sjanger Progressiv rock, Canterbury scene
Lengd 47:40
Selskap Decca
Produsent Terry King
Caravan-kronologi
Caravan
(1969)
If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You In the Land of Grey and Pink
(1971)


If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You er det andre albumet til Canterbury scene-bandet Caravan, gjeve ut i september 1970. Det var ein føregangar til det mest kjende albumet deira, In the Land of Grey and Pink (1971). Albumet representerte Canterbury scene-stilen med orgelsoloar og melodisk vokal, som var typisk for stilen til bandet. Albumet kom ut på Decca Records, og tittelsporet kom ut på singel.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Caravan gav ut debutalbumet sitt, Caravan i 1968, og fekk noko suksess med konsertane sine, og spelt på både britisk og tysk fjernsyn tidleg i 1969. Uheldigvis la selskapet deira, Verve Records, med den britiske drifta si og droppa bandet. Gitaristen Pye Hastings sa seinare at «situasjonen forlet oss i eit tomrom».[1] Bandet fortsette å halde konsertar og fann til slutt manageren Terry King. David Hitchcock, ein tilsett i designavdelinga til Decca Records, såg bandet spele på London Lyceum og rådde sjefen sin, Hugh Mendl, å signere dei.[2]

Innspelinga for albumet byrja i Tangerine Studios på Balls Pond Road i Dalston i London i september 1969 med bandet sjølv som produsentar og Robin Sylvester som lydteknikar. Hastings hugsa at dette skapte problem, sidan kvart medlem ønskte sitt instrument høgare enn dei andre sine. Bandet spelte inn nokre songar, men desse vart gjeve opp og bandet drog ut på turné, sidan dei var blitt populære i universitetsmiljøa i Storbritannia og Europa.[3] Dei kom saman att i februar året etter[4] og spelte stort sett inn songane på direkten på ein åttesporsopptakar. Høgdepunkta frå innspelingane var eit fjorten minuttar langt jazzrock-stykke sett saman av forskjellige mindre stykke av bandet, kalla «For Richard».[5] Klaverspelaren David Sinclair komponerte grunnstrukturen, medan bassisten Richard Sinclair skreiv hovudmelodien. Hastings inviterte broren Jimmy til å spele saksofon og fløyte, og vart ofte ein del av studioarbeidet til Caravan.[6]

Albumtittelen o tittelsporet er ofte sagt å kome frå Spike Milligan, men kan òg han kome frå ein piratkopiert Bob Dylan-song «All Over You» («Well, if I had to do it all over again/Babe, I’d do it all over you»), seinare gjeven ut på The Bootleg Series, Vol 9: The Witmark Demos: 1962-1964.

Biletet på plateomslaget vart teken i Holland Park i London av David Jupe.[6]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]

«Hello Hello», med tittelsporet som B-side, vart gjeven ut på singel i august 1970, som førte til at dei fekk spele på Top of the Pops i BBC.[7] Albumet vart gjeve ut månaden etter i Storbritannia, og i mars 1971 i USA.[8] I følgje AllMusic «består If I Could Do It All Over Again store forbetringar etter det første albumet.»[7]

«For Richard» vart eit fast spor på konsertane til Caravan og ofte spelt som avslutningssong.[5] Eit fullt orkestrert konsertopptak finst på Caravan and the New Symphonia i 1974.

Albumet vart ommastra i 2001 og gjeven ut på CD med bonusspor, inkludert den skrinlagde innspelinga i september 1969, og eit unytta spor kalla «A Day in the Life of Maurice Haylett», skriven om turnémanageren til bandet.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av Richard Coughlan, Pye Hastings, Richard Sinclair og Dave Sinclair.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You»3:07
2.«And I Wish I Were Stoned / Don't Worry»8:20
3.«As I Feel I Die»5:06
4.«With an Ear to the Ground / You Can Make It / Martinian / Only Cox / Reprise»9:54
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Hello Hello»3:45
2.«Asforteri 25»1:21
3.«Can't Be Long Now / Françoise / For Richard / Warlock»14:21
4.«Limits»1:35
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«A Day in the Life of Maurice Haylett» (Unytta opptak)5:07
2.«Why? (And I Wish I Were Stoned)» (Demoversjon, ikkje tidlegare utgjeven)4:22
3.«Clipping the 8th (Hello Hello)» (Demoversjon, ikkje tidlegare utgjeven)3:13
4.«As I Feel I Die» (Demoversjon, ikkje tidlegare utgjeven)4:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Caravan
Andre medverkande
Teknisk
  • Robin Sylvester – lydteknikar
  • David Jupe – fotografi og grafikk
  • Terry King – manager
  • Maurice Haylett – turnémanager[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Powell 2001, s. 3.
  2. Powell 2001, s. 4.
  3. Powell 2001, s. 5.
  4. Powell 2001, s. 6.
  5. 5,0 5,1 Powell 2001, s. 7.
  6. 6,0 6,1 Powell 2001, s. 8.
  7. 7,0 7,1 7,2 Planer, Lindsay. «If I Could Do It All Over Again I'd Do It All Over You – Caravan | AllMusic». AllMusic.com. Henta 26. oktober 2019. 
  8. Powell 2001, s. 9.
  9. Powell 2001, s. 2.
  10. Powell 2001, s. 12.