In the Land of Grey and Pink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In the Land of Grey and Pink
Studioalbum av Caravan
Språk engelsk
Utgjeve 8. april 1971
Innspelt September 1970 – januar 1971
Studio Decca Studios og AIR Studios, London
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock, Canterbury scene
Lengd 43:23
Selskap Deram
Produsent David Hitchcock
Caravan-kronologi 
If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You
(1970)
In the Land of Grey and Pink Waterloo Lily
(1972)


In the Land of Grey and Pink er det tredje studioalbumet til det engelske progrockbandet Caravan, gjeve ut i april 1971 på Deram Records. Det vart produsert av David Hitchcock og var det siste albumet med den originale besetninga med Richard Coughlan, Pye Hastings, Richard Sinclair og Dave Sinclair før Back to Front i 1982.

Albumet vart skrive og spelt inn seint i 1970 og tidleg i 1971 og inneheldt fleire songar frå Richard Sinclair. Hastings, som hadde vore den fremste låtskrivaren på dei to førre albuma, medverka berre med eitt spor. Instrumentalt er musikken dominert av orgelsoloane til David Sinclair og side to består av ein 22 minuttar lang suite av songar, «Nine Feet Underground». Plateomslaget består av eit Tolkien-inspirert måleri.

Albumet vart kritikarrost og godt teken i mot, men selde ikkje godt nok til å gå inn på salslistene, som førte til frustrasjon i bandet og avgangen til David Sinclair. Likevel har det seld jamt og trutt og blitt tilrådd av kritikarar som ein god introduksjon til Canterbury scene-sjangeren. Fleire av songane har vore faste i repertoaret til bandet. Det har kome ut på ny fleire gonger, mellom anna i ei omfattande 40-årsjubileumsutgåve miksa på ny av den britiske musikaren og produsenten Steven Wilson i 2011.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Caravan ikkje enno hadde hatt større kommersiell suksess i 1970, hadde dei byrja å få ein del folk på konsertane sine, inkludert ein konsert på Kralingen popfestival i Nederland føre eit publikum på 250 000 og den tiande Plumptonfestivalen. Innimellom turneane hadde gruppa skrive fleire nye stykke dei ønskte å spele inn. Sidan dei hadde hatt problem med å produsere innspelingane sine sjølve på det førre albumet, If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You, valde gruppa å samarbeide med produsenten David Hitchcock.[1] Hitchcock hadde blitt fan av bandet og var ein viktig faktor i å få dei signert til Decca Records.[2] Han hadde teke steget opp frå kunstavdelinga i selskapet til produksjonsavdelinga og var gira på å arbeide på albumet. Gruppa hadde vore skeptisk til å la Hitchcock få arbeide på If I Could Do It All Over Again... men etter å ha oppdaga entusiasmen hans og dei kreative ideane, kom dei fram til at det var ein god ide og ta han med som produsent.[3]

Innspelinga byrja i september 1970 i Decca Studios i West Hampstead i London. Gitaristen Pye Hastings hadde skrive mesteparten av songane for dei tidlegare albuma, som førte til ein reserve av songar skrivne av resten av gruppa. Derfor tilbaud han berre ein enkelt song, «Love to Love You (And Pigs Might Fly)». Bassisten Richard Sinclair hadde skrive «Golf Girl», ein song om kjærasten og den framtidige kona hans.[3] Begge songane var skrivne som streite popsongar i kontrast til somme av dei lengre stykka på albumet.[4] Klaverspelaren David Sinclair hadde skrive fleire forskjellige musikalske segment han ønskte å setje saman til ein suite av songar. Gruppa hjelpte til med å arrangere og setje saman delane og resultatet var den 22 minuttar lange «Nine Feet Underground». Songen vart spelt inn i fem separate delar og så redigert saman av Hitchcock og lydteknikaren Dave Grinsted.[5] Det meste av verket var instrumentalt, utanom to delar med tekst.[4] David Sinclair spelte dei fleste soloane på sporet, i tillegg til på det meste av albumet, med anten fuzz-basert orgel eller piano.[6]

Det meste av albumet utanom «Nine Feet Underground» vart spelt inn i desember i Air Studios i Oxford Street. «Glow Girl» hadde blitt prøvd spelt inn i Decca Studios, men vart spelt inn på ny med anna tekst som «Golf Girl», med fløyte og trombone.[7][8] «Winter Wine» hadde blitt spelt inn i september som ei røff instrumental med ordlaus vokal,[3] men fekk eit nytt forsøk i Air Studios, då han fekk tekst om draumar og eventyr. Den endelege versjonen bestod av ein viseinspirert akustisk gitar i introen og inkluderte ein improvisert orgelseksjon i midten.[8] Det siste sporet som vart spelt inn var tittelsporet, som inkluderte lyden av Richard Sinclair som bles bobler. Albumet vart miksa i Decca i januar 1971.[9]

Under innspelingane i Air Studios, spelte bandet inn ein røff versjon av «Aristocracy», men denne vart skrinlagd og spelt inn på ny året etter for det neste albumet, Waterloo Lily.[5] Tittelen vart føreslått av Richard Sinclair; «landet i grått og rosa» refererer til heimfylket til bandet, Kent. Han kom opp med uttrykket etter å ha sett på ein solnedgang unde øvingane deira i Graveney tidleg i bandkarrieren.[10]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[11]

Albumet kom ut 8. april 1971 med eit Tolkien-inspirert plateomslag, teikna av Anne Marie Anderson.[9] Det gjekk ikkje inn på salslista i Storbritannia, men selde jamt og trutt gjennom 1970-åra og gjekk aldri ut av opplag. «Nine Feet Underground» vart eit populært spor på nattlege sendingar på FM-radio.[9][4] Gruppa vart frustrert over mangelen på kommersiell suksess, og dei byrja å skulde Decca for dårleg marknadsføring. I august 1971 aksepterte David Sinclair eit tilbod frå den tidlegare Soft Machine-trommeslagaren og vokalisten Robert Wyatt om å bli med i det nye bandet hans, Matching Mole.[12]

Albumet kom ut på ny i 2001 på CD med bonusspor, inkludert tidlege opptak av «Winter Wine» og «Golf Girl» frå Decca Studios.[13] Ei ny utgåve av albumet, miksa i både stereo og 5.1-kringlyd av den britiske musikaren og produsenten Steven Wilson, om ut på ein dobbel-CD og ein DVD i samband med 40-årsjubileet til plata i 2011. I tillegg til originalalbumet, inneheld denne utgåva unytta opptak, BBC Radio-opptak og ei TV-framføring på det tyske musikkshowet Beat-Club.[11] Albumet vart òg gjeven ut på ein avgrensa 180 grams vinyl med berre 500 eksemplar, ommastra av Pascal Byrne.[14] Albumet kom ut på ny på vinyl i Canada i september 2014.[15] Forlenga nymiksar av «Golf Girl» og «Love to Love You» vart gjevne ut i 2000 på antologien Where but for Caravan Would I?.[16][17]

Rolling Stone førte albumet opp på 34. plassen på lista si over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene, og sa det framkalla «eit bilete av ein solnedgang i Midgard, med musikk som svinga mellom mellomalderske folkemelodiar og jazzaktige tonar».[18] I følgje AllMusic-skribenten Dave Thompson er albumet «eit av dei best likte og mest eksentriske progalbuma av dei alle» og «truleg det beste til Caravan».[11] Han sa òg at «Nine Feet Underground» var «den som best blanda den dynamiske kjemien i bandet saman»[19] og at «Golf Girl» «stig fram som den typen song som sit fast i hovudet ditt i dagevis etter du har høyrt han, uansett der mange plater du har spelt i mellomtida».[16] Progressiv rock-forfattaren Stephen Lambe har sagt at «Nine Feet Underground» «ikkje berre er den arketypiske Caravan-songen, men eit symbol for heile rørsla.»[20] Marco Rossi skreiv i Record Collector at «folk som er i starten av undersøkje Canterbury Scene er sterkt råda til å byrje her.»[21] I Q og Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, kom albumet på 19. plassen på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».[22] Mojo sa òg at In the Land of Grey and Pink var «kjernen av Canterbury-albuma».[6]

Bandet såg positivt på albumet i ettertid. Hastings sa at gruppa «byrja å nå toppen på mange måtar» og trekte særleg fram spelinga til David Sinclair og produksjonsarbeidet til Hitchcock.[9] Caravan heldt fram å spele songar frå In the Land of Grey and Pink på konsertane sine, særskild «Nine Feet Underground»[5] og «Golf Girl».[23]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av Richard Coughlan, Pye Hastings, Dave Sinclair og Richard Sinclair (utanom «Aristocracy», av Coughlan, Hastings og Richard Sinclair).[13]

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Golf Girl»Richard Sinclair5:05
2.«Winter Wine»Richard Sinclair7:46
3.«Love to Love You (And Tonight Pigs Will Fly)»Pye Hastings3:06
4.«In the Land of Grey and Pink»Richard Sinclair4:51
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Nine Feet Underground»
  • I. «Nigel Blows a Tune»
  • II. «Love's a Friend»
  • III. «Make It 76»
  • IV. «Dance of the Seven Paper Hankies»
  • V. «Hold Grandad by the Nose»
  • VI. «Honest I Did!»
  • VII. «Disassociation»
  • VIII. «100% Proof»
Hastings, Richard Sinclair22:43
  • 5:42
  • 3:20
  • 1:45
  • 1:08
  • 2:16
  • 2:03
  • 3:16
  • 3:13
Total lengd:43:31
Bonusspor på 2001-utgåva[13]
Nr.TittelLengd
6.«I Don't Know Its Name (Alias The Word)»6:12
7.«Aristocracy»3:42
8.«It's Likely to have a Name Next Week» (Instrumental versjon av «Winter Wine»)7:48
9.«Group Girl» (Første versjon av «Golf Girl» med anna tekst)5:04
10.«Disassociation/100% Proof» (Ny miks. Avslutninga av «Nine Feet Underground»)8:35
Total lengd:31:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Caravan
Andre medverkande
Produksjon
  • David Hitchcock – produsent
  • Dave Grinsted – lydteknikar
  • John Punter – lydteknikar
  • Derek Varnals – lydteknikar
  • Julian Hastings – produsent for bonusmaterial på 2001-utgåva.[13]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Golf Girl» vart spelt av Nigel Planer (i rolla som hippien Neil frå The Young Ones) på albumet sitt Neil's Heavy Concept Album i lag med Dawn French som politikvinne. Annie Whitehead spelte trombonedelen av songen som arrangert på In the Land of Grey and Pink og den mangeårige samarbeidspartnaren til Caravan, Jimmy Hastings spelte på albumet.[9][25] Songen vart òg spelt av det tyske banet M. Walking on the Water.[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Powell 2001, s. 4.
  2. Powell 2001, s. 5.
  3. 3,0 3,1 3,2 Powell 2001, s. 8.
  4. 4,0 4,1 4,2 Martin 1998, s. 190.
  5. 5,0 5,1 5,2 Powell 2001, s. 9.
  6. 6,0 6,1 Irvin, Jim, red. (2007). The Mojo Collection: The Ultimate Music Companion. Canongate Books. s. 234. ISBN 978-1-841-95973-3. 
  7. Powell 2001, s. 9–10.
  8. 8,0 8,1 Lambe 2012, s. 31.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Powell 2001, s. 10.
  10. «In the Land of Grey and Pink». Progressive Rock. Stefano Orlando Puracchio. s. 73. Henta 27. oktober 2019. [daud lenkje]
  11. 11,0 11,1 11,2 Thompson, Dave. «In the Land of Grey and Pink – Caravan». AllMusic. Henta 27. oktober 2019. 
  12. Powell 2001, s. 11.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Powell 2001, s. 2.
  14. «Exclusive : In the Land of Grey and Pink 40th Anniversary 2LP Vinyl». Caravan (official website). 13. juni 2011. Henta 27. oktober 2019. 
  15. «The Vinyl Countdown». Toronto Star. 18. juli 2014. Henta 27. oktober 2019. 
  16. 16,0 16,1 Thompson, Dave. «Golf Girl – Caravan». AllMusic. Henta 27. oktober 2019. 
  17. «Where But For Caravan Would I?». AllMusic. Henta 27. oktober 2019. 
  18. «Caravan, 'In the Land of Grey and Pink'». Rolling Stone. 17. juni 2015. Arkivert frå originalen 23. november 2017. Henta 27. oktober 2019. 
  19. Thompson, Dave. «Nine Feet Underground». AllMusic. Henta 27. oktober 2019. 
  20. Lambe 2012, s. 32.
  21. «Grey Matters». Record Collector. Henta 27. oktober 2019. 
  22. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  23. «Caravan – review, Queen Elizabeth Hall, London». The Guardian. 10. januar 2013. Henta 27. oktober 2019. 
  24. «Caravan - Canterbury Tales (The Best of Caravan) (Vinyl, LP) at Discogs». Discogs.com. Henta 4. januar 2016. 
  25. «Neil's Heavy Concept Album». AllMusic. Henta 27. oktober 2019. 
  26. «M. Walking on the Water». Official German Charts. Henta 27. oktober 2019.