Ringtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ringtrast
Ringtrasthann
Ringtrasthann
Ringtrasthoe
Ringtrasthoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av ringtrast
Utbreiinga av ringtrast
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trastefamilien Turdidae
Slekt: Turdus
Art: Ringtrast T. torquatus
Vitskapleg namn
Turdus torquatus

Ringtrast eller ringtrost (Turdus torquatus) er ein mørk sporvefugl i trastefamilien med eit kjenneleg kvitt, halvmåneforma parti i brystet. Han hekkar i nordvestlege Storbritannia, Noreg, Kolahalvøya, spreidde høgtliggande område av Sør- og Mellom-Europa, Anatolia, Kaukasus og Nord-Iran. Ringtrasta er ein trekkfugl som overvintrar vesentleg i søraustlege Spania, Nordvest-Afrika og Iran.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det er hovudforma som finst i Fennoskandia, Nordvest-Russland og på Dei britiske øyene. I Noreg lever ho over det meste av landet, men ikkje aust for ei linje omtrent frå Lyngdal til Lillehammer. Vi finn òg ringtrast i tilgrensande område i Sverige og Finnland. Lengre sør og aust lever andre underartar. I Noreg lever ringtrasta i trefattige, kuperte område. I midtre og austre område av Sør-Noreg er ho ein høgfjellsart, medan ho går til kysten i vest og i nord.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er stor som ein gråtrast, ca. 24-27 cm[1] i kroppslengd og veg 90-138 gram. Hannen er svart, hoa brunleg. Ringtrastar har eit kvitt, halvmåneforma parti i brystet og lyse parti på dei samanfalda vengene. Hannfuglar av underarten T. t. alpestris som vi finn i Alpane og Pyreneane har mykje lyse skjelforma fjører på undersida og vengene er langt lysare enn nominatforma i Noreg. Underarten T. t. amicorum i Kaukasus har mørk underside som nominatforma, men langt lysare venger.[2]

Songen kan variera, men er ofte eit klagande tiuii tiuii tii.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Ringtrasta lever av meitemark, sniglar og insekt. Ho kan fly ganske langt vekk frå hekkeplassen for å finna mat. Om hausten er føda meir vegetabilsk med mykje bær.

Fuglen er territoriell og monogam. På hekkeplassen er han temmeleg sky. Han byggjer reir av grove strå og småkvist. Det er fora innvendig og vert plassert på bakken eller i ein busk. I mai til juni legg hoa 4-5 grønaktige egg. Desse vert ruga i 14 dagar. Ungane er flygedyktige etter omtrent to veker, men vert mata ei stund etter dette. Ringtrast legg av og til to kull.

Ringtrasta er ein trekkfugl. Ho dreg sør- og sørvestover frå Noreg i oktober-november. Dette trekket går gjennom Frankrike og endar i Spania og Nord-Afrika der ho held seg mellom anna i Atlasfjella. Til Noreg kjem ho tilbake i april. Nokre få overvintrar.

Den norske hekkebestanden ligg truleg mellom 10 000 og 100 000 par.[1] Populasjonen i heile Europa er estimert til mellom 0,6 til 1,2 millionar individ per 2015. Det var registrert ein nedgang i Storbritannia, men elles er han trudd å vere stabil og er klassifisert som livskraftig, LC.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. Collar, N. og D. A. Christie (2020). Ring Ouzel (Turdus torquatus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rinouz1.01
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Turdus torquatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. april 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ringtrast