Karavás
Hopp til navigering
Hopp til søk
Karavás Καραβάς Alsancak | |
---|---|
Strand i Karavás | |
Styresmakter | |
Land Distrikt Land Distrikt |
Republikken Kypros Kerýnia Nord-Kypros Girne |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2011) |
5 595 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.karavas.org.cy/ (Kypriotisk kommune i eksil) http://www.alsancakbelediyesi.com/ (Nord-kypriotisk kommune) | |
Plassering | |
Karavás innafor distriktet Kerýnia |
Karavás (gresk Καραβάς, tyrkisk Alsancak) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Kerýnia i Republikken Kypros.[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Alsancak i distriktet Girne.[2] Republikken Kypros har ein kommuneadministrasjon for Karavás i eksil.[3]
Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Alsancak 6 597 innbyggjarar. Av desse budde 5 595 i sjølve byen, fordelt på bydelane:[2]
- Çağlayan (611 innbyggjarar)
- Yayla (4 325 innbyggjarar)
- Yeşilova (659 innbyggjarar)
I resten av kommunen budde det 1 002 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:[2]
- Ilgaz (Trimíthi) (72 innbyggjarar)
- Malatya-İncesu (Paleósofos-Mótides) (180 innbyggjarar)
- Yeşiltepe (Eliá) (750 innbyggjarar)