Lévka
Lévka Λεύκα Lefke | |
---|---|
Appelsinmonument i sentrum av Lévka | |
Styresmakter | |
Land Distrikt Land Distrikt |
Republikken Kypros Levkosía Nord-Kypros Lefke |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2011) |
3 009 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.lefkebelediyesi.com/ (Nord-kypriotisk kommune) | |
Plassering | |
Lévka innafor distriktet Levkosía |
Lévka (gresk Λεύκα, tyrkisk Lefke) er ein distriktsby på Kypros og ein lokalstyrd busetnad i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefke.[2] Fram til 2016 var kommunen ein del av distriktet Güzelyurt, men frå 2016 vart kommunen skild ut som eit eige distrikt, Lefke.[3]
Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Lefke 11 091 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:[2]
- Lefke (Lévka) (3 009 innbyggjarar)
- Bademliköy (Loutrós) (93 innbyggjarar)
- Bağlıköy (Ambelikoú) (200 innbyggjarar)
- Cengizköy (Peristeronári) (217 innbyggjarar)
- Denizli (Xerós) (460 innbyggjarar)
- Gemikonağı (Karavostási) (2 075 innbyggjarar)
- Yedidalga (Potamós tou Kámbou) (669 innbyggjarar)
- Yeşilyurt (Pendája) (1 218 innbyggjarar)
- Çamlıköy (Kaló Khorió) (170 innbyggjarar)
- Doğancı (Eliá) (1 299 innbyggjarar)
- Gaziveren (Kaziverá) (1 042 innbyggjarar)
- Taşpınar (Angolémi) (181 innbyggjarar)
- Yeşilırmak (Xeróvounos) (458 innbyggjarar)
Historie[endre | endre wikiteksten]
Under den venetianske perioden på Kypros blei Lefka dominert av katolikkar av italiensk bakgrunn.
Kjende personar frå Lefka[endre | endre wikiteksten]
- Asil Nadir, forretningsperson
- Nil Burak, songar og skodespelar
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Deler av denne artikkelen byggjer på «Lefka» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2012.