Robert Mood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Mood
Fødd8. desember 1958
FødestadKragerø kommune
Ranggeneralløytnant, brigader, oberst, generalmajor
EiningHæren

Robert Mood (fødd 8. desember 1958) er ein norsk offiser med graden generalløytnant. Han har vore generalinspektør for Hæren og var i 2012 sjef for SN sin observatørstyrke i Syria (UNSMIS) etter tidlegare å ha vore sjef for SN sitt observatørkorps i Midtausten (UNTSO).

Han vart tildelt Fritt Ords Pris for 2016 «for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debattar om rolla til forsvaret i samfunnet.»[1]

6. oktober 2017 vart han, under landsmøtet 2017 i Haugesund, vald til president i Noregs Raude Kross.[2]

Militær løpebane[endre | endre wikiteksten]

Robert Moods militære løpebane starta i 1977 ved Befalsskolen for infanteriet. I Brigaden i Nord-Noreg hadde han deretter i tur og orden stillingar som lagfører, troppssjef og kompanisjef. I mellomtida gjekk han Krigsskolen, seinare Hærens stabsskole.

Mood var nestkommanderande for Telemark bataljon 1993-94, før han tok to års utdanning ved høgskulane til det amerikanske marinekorpset og universitet i USA, der han utmerkte seg som beste elev. Attende i Noreg arbeidde han som operasjonsoffiser i 6. divisjon fram til 1998, då han vart sjef for Telemark bataljon, som i 1999 til 2000 var utplassert i Kosovo. Lik sin forgjengar, Jon B. Lilland, hadde han denne stillinga i to år, for deretter å forfremjast til oberst i 2000. Han tiltredde då som sjef for Planavdelinga i Forsvarets Overkommando. Forfremmelsen til Brigadér kom i 2002 ved utnevning til stillinga som sjef for Hærens Kampvåpen. I 2004 fylgde utnevning til sjefstillingen i Hæren sin til transformasjons- og doktrinekommando (TRADOK). Etter økonomiskandalen i hæren i 2005 og Lars Sølvbergs avgang vart Mood generalinspektør for Hæren.

I januar 2009 utnemnde generalsekretæren i SN, Ban Ki-moon, generalmajor Mood til ny sjef for United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO).[3] Han var UNTSO-sjef til 2011 med ansvar for observatørar på Golan-høgda og Sør-Libanon og dessutan regional dialog med militære og politiske leiarar. UNTSOs hovudkvarter er i Jerusalem med utekontorer i Beirut, Damaskus og Kairo.

Den 1. august 2011 vart han den første sjefen og veteraninspektør for Veterantenesta til forsvaret (FVT), fagleg underlagt Sjef Forsvarsstaben/P. FVT har i oppdrag å implementera forbetringtiltak og fylla rollen som Rådgjevaren til forsvarssjefen og talsperson i veteransaker.

I april 2012 fekk Mood i oppdrag å bistå Kofi Annan i hans arbeid som SN og Den arabiske liga sin spesialutsending til Syria i samband med konflikten der. Mood vart då sjef for observatørstyrken UNSMIS, som han leidde fram til juli 2012.[4][5][6] Etter særs rask etablering vert frøtt Mood operasjonane i midten av juli då valden eskalerte til eit nivå som gjorde det særs vanskeleg å utføra oppgåvene.

I statsråd 24. januar 2014 vart Mood utnemnd til generalløytnant[7] og sjef for Den norske militærmisjonen i Brussel (NATO).[8] Robert Mood gjekk av med pensjon frå Forsvaret 1. august 2016.

Under landsmøtet til Noregs Raude Kors i 2017, vart Robert Mood vald til president.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ansvar : Leiing er ingen popularitetskonkurranse, Cappelen Damm (2017) ISBN 9788202553876

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Mood er tildelt følgjande dekorasjonar: Forsvarsmedaljen med laurbærgrein, Forsvarsmedaljen, Medaljen til forsvaret for internasjonale operasjonar med tre stjerner, Hæren sin vernedyktighetsmedalje med tre stjerner, Den nasjonale fortjenstora (Frankrike), SN-medaljen for UNTSO, SN-medaljen for UNIFIL, NATO-medaljen for Kosovo, SN-medaljen for UNSMIS og Noregs Veteranforbund for Heidersteiknet til internasjonale Operasjonar i gull.<[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fritt Ords Pris 2016 til Robert Mood». www.frittord.no. 
  2. «Mood ny president i Røde Kors». NRK (på norsk). 6. oktober 2017. Henta 7. oktober 2017. 
  3. Department of Public Information, News and Media Division, New York.
  4. Nordmann vert Kofi Annans høgre hand i Syria
  5. «Ban Ki-moon har utpekt Robert Mood til observatørsjef». 25. april 2012. 
  6. «Robert Mood gjev seg som leiar for Syria-styrken»
  7. «Offisielt frå statsrådet 24. januar 2014»
  8. «Ny sjef for Militærmisjonen i Brussel»
  9. «Lieutenant General Robert Mood»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]