Romeo Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°22′35″S 59°55′31″W
Romeo Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°22′35″S 59°55′31″W
Lengd 1 350 m
Areal 44 ha [1]
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Romeo Island is located in Antarktis
Romeo Island (Antarktis)

Romeo Island er ei klipperik øy som ligg utanfor nordkysten av Greenwich Island og vest for Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho er 1350 meter lang og 470 meter brei og dekkjer 44 hektar.[1] Området vart vitja tidleg på 1800-talet av selfangarar.

Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.

Øya er kalla opp etter den britiske selskuta «Romeo» under kaptein James Johnson, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1821-22, og ankra opp i Clothier Harbour i mars 1822.

Romeo Island ligg 9,45 km nordaust for Duff Point på Greenwich Island, 6,7 km sørvest for Table Island, 4,05 km nordvest for Stoker Island og 5,3 km nordvest for Ongley Island.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]