Cape Conway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tooth Rock)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°50′30″S 61°25′43″W
Cape Conway
nes
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°50′30″S 61°25′43″W
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Snow Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Snow Island i Sør-Shetlandsøyane.
Cape Conway is located in Antarktis
Cape Conway (Antarktis)

Cape Conway er eit avrunda, lågt og isfritt nes heilt sør på Snow Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det dannar det sørlege innløpet til Boyd Strait. Tooth Rock (62°51′32.4″S 61°25′33.9″W) på 85 moh ligg 1,94 km sørover og er den største holmen av ei gruppe som strekkjer seg 2,7 km ut frå neset. Området vart vitja av selfangarar på 1800-talet.

Cape Conway vart kartlagd i 1829 av ein britisk ekspedisjon under kaptein Henry Foster og kalla opp etter HMS «Conway» som Foster tidlegare hadde tent på. Tooth Rock vart namngjeve under ei kartlegging frå RRS «John Biscoe» i 1951-52.

Neset ligg 10,58 km sør-søraust for Byewater Point, 17,3 km sørvest for President Head, 11,75 km sørvest for Hall Peninsula og 44,46 km nord for Cape SmithSmith Island.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]