Rugged Island i Sør-Shetlandsøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°38′S 61°15′W
Rugged Island
øy
Livingston-Greenwich-map.jpg
Rugged Island ligg til venstre for Livingston Island
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°38′S 61°15′W
Høgaste punkt San Stefano Peak
 - høgd 256 moh.
Lengd km
Areal 10,4 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Rugged Island in the Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Rugged Island in the Sør-Shetlandsøyane.
Rugged Island i Sør-Shetlandsøyane is located in Antarktis
Rugged Island i Sør-Shetlandsøyane (Antarktis)

Rugged Island (på spansk Isla Rugosa, tidlegare kalla Lloyds Island eller Ragged Island) er ei øy som ligg vest for Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Ho har eit flatevidd på 10,4 km².[1] Det høgaste punktet på øya, San Stefano Peak, er 256 meter over havet. Rugged Island var kjend for både amerikanske og britiske selfangarar så tidleg som 1820.

Rugged Island vart først vitja i 1819 av selskuta «Espirito Santo» leigd inn av engelsk handelsmenn i Buenos Aires, med kaptein Joseph Herring. Skipet kom til ei bukt på nordkysten av øya, i dag kalla Hersilia Cove, der det engelske mannskapet gjekk i land juledag 1819, og gjorde krav på øyane for kong Georg III av Storbritannia. «Espirito Santo» slo seg 23. januar 1820 saman med den amerikanske briggen «Hersilia» med kaptein James Sheffield (og førstestyrmenn Elof Benson og Nathaniel Palmer), den første amerikanske selfangaren i Sør-Shetlandsøyane. Ei skildring av hendingane vart publisert av kaptein Herring i juli 1820 i Imperial Magazine i London.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]