Rui Silva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rui Silva


Statsborgarskap Portugal
Fødd 3. august 1977 (46 år)
Santarém
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

kommandør av Infante Dom Henriks orden, ridder av Infante Dom Henriks orden

Rui Silva (fødd 3. august 1977) er ein portugisisk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Santarém. Han vann på spesialdistansen 1500 meter ein sølvmedalje ved EM 1998, og bronsemedaljar i EM 2002, Sommar-OL 2004 og VM 2005.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Silva sprang i februar 1998 i Valencia inn til siger på 1500 meter i innandørs-EM, ein prestasjon han skulle gjere om att i innandørs-VM 2001 i Lisboa, innandørs-EM 2002 i Wien og innandørs-EM 2009 i Torino, alle saman tevlingar utan same sterke felta som deltok i dei store meisterskapane utandørs.

Rui Silva i 2010

Under europameisterskapen 1998 på Nep-stadion i Budapest vann Silva sølvmedaljen på yndlingsdistansen 1500 meter, halvsekundet bak Reyes Estévez frå Spania. I den neste europameisterskapen, i München i 2002. kneip Silva bronsemedaljen, 0,03 sekund framom fjerdemann i løpet. Etter femteplass i verdsmeisterskapen 2003 i Paris/Saint-Denis, imponerte han med ein sikker bronsemedalje på 1500-meteren under sommarleikane 2004 i Aten, einast marokkanaren Hicham El Guerrouj og kenyanaren Bernard Lagat sprang fortare. Også i VM 2005 la Silva beslag på bronsemedaljen på 1500 m, 0,02 sekund bak sølvmedaljøren Adil Kaouch frå Marokko.

Silva deltok internasjonalt fram til 2011, då ofte på langdistansane. Hans personlege rekord på 1500 meter er på 3.30,0, oppnådd i 2002, medan han på 5000 m har 13.19,2 frå 2004 og på 10000 m 27.53,5 frå 2011.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]