Sædgås
Sædgås | ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Anseriformes | |
Familie: | Anatidae | |
Slekt: | Anser | |
Vitskapleg namn | ||
Anser fabalis |
Sædgås | |
Namn på andre språk | |
---|---|
Nordsamisk | Čuonjá |
Svensk | Sädgås |
Dansk | Sædgås |
Engelsk | Bean Goose |
Tysk | Saatgans, Rietgans |
Fransk | Oie des moissons |
Spansk | Ánsar campestre |
Russisk | Gumennik (Гуменник) |
Sædgåsa (Anser fabalis) er ein fugl i andefamilien som lever i Noreg om sommaren. Arten er ein av dei 3800 artane som er å finna på norsk raudliste 2006. Ho er ein stor gåseart som hekkar i nordlege skogsområde i Nord-Europa og Asia. Sædgåsa er ein trekkfugl, og overvintrar lenger sør i Europa og Asia.
Lengda varierer frå 69 til 88 centimeter, vengespennet 140-174 cm. Gjennomsnittleg vekt for hannfuglar av nominatforma er 3,2 kg, og for hofuglar 2,84 kg.[2] Nebbet er svart på basen og tuppen, med eit oransje band over midten. Bein og føter er i klåre guloransje farge. Dei øvre vengdekkarane er mørk brune, som hos tundragås, (Ansar albifrons) og dverggås (A. erythropus), men skil seg frå desse i å ha tydelege kvite kantar i vengfjørene. Den nært nærskylde kortnebbgås (A. brachyrhynchus) liknar mykje, men har kortare nebb og hals, øvre vengdekkarar har ei blågrå farge, og dei har eit breitt kvitt endeband på halefjørene der sædgåsa berre har eit smalt band.
Ropet er ein høg honking, høgast i toneleie blant dei minste underartane.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Artikkelen byggjer på dels på «Bean Goose» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2011
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Rødlistedatabasen (vitja 4. desember 2011)
- ↑ CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0849342585.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Videoar, bilete og lydopptak av sædgjæser hos Internet Bird Collection
- Peder Fiske, 1994, Artsomtale: Anser fabalis – sædgås, S. 176 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 4. desember 2011