Sam Lay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sam Lay
Fødd20. mars 1935 (84 år)
FødestadBirmingham i Alabama i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1957
SjangerChicago blues, jazz, rock
InstrumentTrommer, vokal
Tilknytte artistarLittle Walter, Willie Dixon, Howlin' Wolf, Muddy Waters, Paul Butterfield, Rob Stone, Siegel-Schwall Band
PlateselskapBlue Thumb Records
Verka somMusikar

Sam Lay (fødd 20. mars 1935) er ein amerikansk trommeslagar og vokalist som har vore aktiv sidan slutten av 1950-åra.[1][2][3][4] I 2015 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som ein del av bandet Paul Butterfield Blues Band, der han byrja midt i 1960-åra. Før den tid hadde han spelt med kjende bluesmusikarar som Willie Dixon, Howlin' Wolf, Eddie Taylor, John Lee Hooker, Junior Wells, Bo Diddley, Magic Sam, Jimmy Rogers, Earl Hooker og Muddy Waters. Han spelte òg trommer for Bob Dylan, då Dylan gjekk elektrisk på Newport Folk Festival i 1965, og på albumet Highway 61 Revisited.

Lay har òg gjeve ut to album med sitt eige band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Michael. Sam LayAllmusic
  2. «Sam Lay». All About Jazz. Arkivert frå originalen 2011-03-10. 
  3. «BIOGRAPHY: SAM LAY». chamberblues.com, official website of the Siegel-Schwall Band. Arkivert frå originalen 2011-02-28. 
  4. «Alabama's Music Achievers». Alabama Music Hall of Fame. Arkivert frå originalen 2011-05-14.