The Paul Butterfield Blues Band av The Paul Butterfield Blues Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Paul Butterfield Blues Band
Studioalbum av The Paul Butterfield Blues Band
Utgjeve Oktober 1965
Innspelt September 1965
Sjanger Elektrisk blues, bluesrock, Chicago blues
Lengd 38:15
Selskap Elektra
Produsent Paul Rothchild med Mark Abramson
The Paul Butterfield Blues Band-kronologi
The Paul Butterfield Blues Band East-West
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Sputnikmusic4.0/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]

The Paul Butterfield Blues Band er debutalbumet til Paul Butterfield, gjeve ut i 1965 på Elektra Records. Det nådde 123. plassen på Billboard popalbum-lista. I 2003 vart albumet rangert på 476. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det vart flytta opp til 468. plassen på den reviderte lista frå 2012. Det vart òg rangert på 11. plassen på lista til Down Beat over dei 50 beste bluesalbuma.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1964 fortalte ein ven av husprodusenten til Elektra, Paul Rothchild, at «det beste bandet i verda stod på scenen i ein bluesbar i Chicago». Rothchild tok eit fly til Chicago for å sjå Butterfield-kvartetten, og seinare same kveld såg han gitaristen Mike Bloomfield med eit anna band på ein annan pub.[4] I følgje Rothchild var det han som fekk Paul Butterfield til å hente inn Bloomfield som andregitarist i lag med Elvin Bishop. Rytmeseksjonen til Butterfield med Jerome Arnold og Sam Lay, hadde blitt hyrt inn frå bandet til Howlin' Wolf.

Det vart sett i stand ei innspeling i desember 1964, men desse vart lagt på hylla til fordel for konsertopptak frå Cafe Au Go Go i New York City etter bandet hadde spelt på Newport Folk Festival. Dei tidlegare studioinnspelingane kom sidan ut på The Original Lost Elektra Sessions i 1995. Då Rothchild høyrde konsertopptaka var han framleis ikkje nøgd, og bandet gjekk i studio att i september 1965 i eit forsøk på å spele inn albumet for tredje gongen.[5] Gitarsoloane vart alle spelte av Bloomfield, og Bishop vart flytta til rytmegitar. Klaverspelaren Mark Naftalin vart henta inn for innspelingane i september og vart spurt om han ville bli med i bandet permanent, som gjorde bandet til eit seksmannsband.[6]

Albumet består både av originale songar og songar i den elektriske Chicago blues-stilen. Det er eit av dei første bluesalbuma som vart spelte inn i Amerika med ein kvit songar, nokre få år etter den britiske bluesrørsla, der kvite musikarar og songarar hadde spelt blues sidan slutten av 1950-åra.[7] Den 29. oktober 2001 vart albumet gjeve ut på ny av Bob IrwinSundazed Studios i lag med East-West. I Europa kom denne utgåva ut på Rhino WEA UK.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Born in Chicago»  Nick Gravenites 2:55
2. «Shake Your Money-Maker»  Elmore James 2:27
3. «Blues with a Feeling»  Walter Jacobs 4:20
4. «Thank You Mr. Poobah» (instrumental)Mike Bloomfield, Paul Butterfield, Mark Naftalin 4:05
5. «I Got My Mojo Working»  Muddy Waters 3:30
6. «Mellow Down Easy»  Willie Dixon 2:48
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Screamin'» (instrumental)Mike Bloomfield 4:30
8. «Our Love Is Drifting»  Paul Butterfield, Elvin Bishop 3:25
9. «Mystery Train»  Junior Parker, Sam Phillips 2:45
10. «Last Night»  Walter Jacobs 4:15
11. «Look Over Yonders Wall»  James Clark 2:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1966 Billboard Pop Albums 123

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Paul Butterfield Blues Band av The Paul Butterfield Blues BandAllmusic
  2. g, manos (20. september 2014). «Review: CD The Paul Butterfield Blues Band – The Paul Butterfield Blues Band Album». Sputnikmusic. Henta 22. august 2018. 
  3. Down Beat Top 50 henta 22. august 2018
  4. Doggett, Peter. The Paul Butterfield Blues Band/East West. Warner Strategic Marketing 8122 73571-2, 2001, liner notes, s.4-5.
  5. Doggett, liner notes, s. 6.
  6. Bloomfield biography henta 22. august 2018
  7. R. F. Schwartz, How Britain Got the Blues: the Transmission and Reception of American Blues Style in the Storbritannia (Aldershot: Ashgate, 2007), ISBN 0-7546-5580-6