Sandro Salvadore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandro Salvadore
1969 Juventus FC - Sandro Salvadore.jpg
Fødd 29. november 1939
Milano
Død

4. januar 2007
Asti

Yrke fotballspelar
Sandro Salvadore på Commons

Alessandro Salvadore (29. november 19394. januar 2007), betre kjend som Sandro Salvadore, var ein italiensk fotballspelar frå Milano i Lombardia. Gjennom 16 år spela han for dei to italienske storklubbane, høvesvis AC Milan og Juventus, der han var med å vinne fire italienske seriemeisterskap og eitt cupgull. Forsvarsspelaren Salvadore spela 403 seriekampar, alle i Serie A, og skåra 10 mål. Han spela 36 landskampar for Italia og vart europameister i 1968.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Salvadore debuterte for AC Milan hausten 1958, men det skulle gå to år før han fekk plass på fyrstelaget til klubben i heimbyen. Etter han i 1962 hadde vore med å sikre seriemeisterskapen for Milan, vart han straks etter overført til Juventus. Han etablerte seg snart som libero på laget, som vann det italienske cupgullet i 1965. Juventus vann så seriemeistertittelen i 1967, men toppen for Salvadore kom fyrst ut på 1970-talet. Både i 1972 og -73 vann klubben Serie A. I den sistnemnde sesongen nådde Juventus, med Salvadore som kaptein, også finalen i Europacupen. Men der vart det tap mot storlaget til Ajax Amsterdam. Salvadore la opp i 1974, og vart erstatta av Gaetano Scirea i rolla som libero for Juventus.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Mellom desember 1960 og februar 1970 spela Salvadore 36 landskampar fot Italia. Både i 1962 og 1966 deltok han i VM i fotball, utan større suksess. I 1968 var han ein av dei spelarane som kom inn på laget til den andre finalekampen i EM i fotball. Kampen mot Jugoslavia fann stad på Stadio Olimpico i Roma, og enda med 2-0-siger til Italia. Salvadore fekk aldri nettkjenning for landslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • Sølv i Europacupen 1973 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1962 med Milan
  • Italiensk seriemeister 1967, 1972 og 1973 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1965 med Juventus

Salvadore døydde i Costigliole d’Asti i regionen Piemonte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]