Enrico Albertosi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enrico Albertosi
Personleg informasjon
Fullt namn Enrico Albertosi
Fødd 2. november 1939 (84 år)
Fødestad Pontremoli i Italia
Høgd 182 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1958–1968 Fiorentina 185 (0)
1968–1974 Cagliari 177 (0)
1974–1980 Milan 170 (0)
1980–1982 Elpidiense 44 (0)
Totalt 576 (0)
Landslag
1961–1974 Italia 34 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Enrico Albertosi (fødd 2. november 1939) er ein italiensk tidlegare fotballspelar. Målvakta vann VM-sølv i 1970 og EM-pokal 1968 for Italia. På klubbnivå hadde han suksess i både Fiorentina, Cagliari og Milan og vann pokalar i både cupvinnarcupen, Serie A og den italienske cupmeisterskapen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Enrico Albertosi i Cagliari-drakt

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Albertosi spelte på AC Fiorentina i Serie A frå 1959 til 1968. Han vann cupvinnarcupen 1961, den aller fyrste i sitt slag, og to italienske cuptitlar med laget frå Firenze. Derimot vart det finaletap mot Atlético Madrid då Fiorentina og Albertosi i 1962 skulle forsvare sigeren i cupvinnarcupen. Perioden 1968-74 vakta han målet til US Cagliari, der han i 1970 var med den historiske sigeren i Serie A for laget frå Sardinia. Dei neste seks sesongane var AC Milan-spelar og var her med om å vinne den nasjonale cupen i 1977 og serien i 1979. I 1980, etter 532 kampar i Serie A, vart han utestengd frå fotballen år for å ha vore delaktig i Totonero-skandalen. Han avslutta 1982-84 med spel på Serie C-laget Elpidiense.

Italia sitt landslag mot Wales hausten 1969, Albertosi nummer to frå venstre i bakre rekke

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Albertosi fekk sin landslagsdebut i 1961 og var med i VM-troppa 1962 til Chile. Likevel måtte han vente til våren 1965 før han vakta Italias mål på nytt. Både under VM i fotball 1966 og i Mexico fire år seinare stod han mellom stengene i alle Italias kampar. I VM-finalen 1970 måtte han plukke ballen ut av målet fire gongar, Brasil vann 4-1 over Italia. Albertosi hadde over mange år stor konkurranse om landslagsplassen frå Dino Zoff. Sistnemnde var målvakt då Italia i 1968 vann EM-finalen på Stadio Olympico i Roma mot Sovjetunionen. Albertosi spelte sin 34. og siste landskamp i juni 1972. Der etter var Zoff fyrstevalet kva gjaldt målvaktsjobben for Italia, Albertosi vart såleis benkeslitar under VM i fotball 1974.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull: 1968 for Italia
  • VM-sølv: 1970 for Italia
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1961 med Fiorentina
  • Italiensk seriemeister: 1970 med Cagliari og 1979 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister: 1961, 1966 med Fiorentina og 1977 med AC Milan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]