Tarcisio Burgnich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tarcisio Burgnich
Bundesarchiv Bild 183-N0619-0034, Fußball-WM, Argentinien - Italien 1-1.jpg
Fødd 25. april 1939
Ruda

Tarcisio Burgnich (fødd 25. april 1939) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Ruda i Italia. Gjennom si tid som aktiv vart han europameister og vann VM-sølv med Italias landslag. I alt spela han 66 landskampar. Som klubbspelar vann Burgnich Europacupen to gongar med Inter, den italienske serien fem gongar, og ein gong vart han nasjonal cupmeister. På 1960-talet var han del av La Grande Inter, ein klubb han tente i 12 år, men spela også for Udinese, Juventus, Palermo og SSC Napoli. All si tid spela han i Serie A, til saman var han på bana i 495 seriekampar og skåra 6 mål. Burgnich var ein kontant og trygg forsvarsspelar, vekselvis libero eller høgreback.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Burgnich debuterte for Udinese i juni 1959. Gjennom 1960/61 spela han akkurat nok kampar for Juventus til å verte seriemeister med storklubben frå Torino. Han fekk sitt eigenlege gjennombrot i 1961/62-sesongen i teneste for Palermo, der han skåra sitt fyrste mål. I 1962 vart Burgnich overført til Inter, ein klubb han oppnådde mykje heider med. Allereie i sin fyrste sesong vart han sentral som bakarste mann i forsvaret då La Grande Inter sigra i Serie A.Burgnich spela jamnt godt i alle kampar og deltok sjeldan i angrep, noko som passa vel i det defensive catenaccio-systemet som rådde i italiensk fotball. Med den spelestilen vann Inter Europacupen to år på rad, 1964 og 1965, og vart italienske seriemeistrar på ny i 1965 og 1966. Han feira sin siste triumf med Inter i 1971, då han vart italiensk seriemeister for femte gong. Sommaren 1974 vart han overflytta til Napoli, der han to år seinare opplevde å verte italiensk cupmeister. Våren 1977 la Burgnich fotballskoa på hylla.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Burgnich var i meir enn eit tiår ei viktig brikke for Italias landslag. Han var delaktig då Italia i 1968 sikra seg sigeren i fotball-EM med 2-0 over Jugoslavia. Han var med i troppane til VM i fotball både i 1966, 1970 og 1974. I 1970 spela han høgreback då Italia tapte VM-finalen med 1-4 for Brasil. Burgnich vert ofte hugsa for ei utsegn han kom med etter VM-finalen. Før kampen sa eg om Pele til meg sjølv: Han er laga av skinn og bein, slik alle andre. Men eg tok feil. Mellom 1963 og 1974 spela Burgnich 66 landskampar for Azzurri og skåra to mål.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1978 til 2001 arbeidde Burgnich som trenar for ei rekke klubbar, med måteleg suksess. Gjennom åra leia han lag som Catanzaro, Bologna, Como, Livorno, Foggia, Lucchese, Cremonese, Genoa, Ternana og Vicenza.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1964 og 1965 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1961 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1963, 1965, 1966 og 1971 med Inter
  • Italiensk cupmeister 1976 med Napoli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]