Roberto Rosato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roberto Rosato
Roberto Rosato.jpg
Fødd 18. august 1943
Chieri
Død

20. juni 2010
Chieri

Yrke fotballspelar
Roberto Rosato på Commons

Roberto Rosato (18. august 194320. juni 2010) var ein italiensk fotballspelar frå Chieri i Piemonte. Han spelte på AC Milan i perioden 1966-73 og vann sju store triumfar med den milanesiske storklubben, både Europacupen, Cupvinnarcupen (to gongar), Serie A og tre nasjonale cupmeisterskap. Midtstopparen Rosato vart europameister med Italia i 1968 og fekk VM-sølv i 1970. Mellom 1965 og -72 opptrådde han 37 gongar i den mørkeblå landstrøya til Italia.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rosato debuterte i 1961 for Serie A-klubben AC Torino. Klubben spelte cupfinale både i 1963 og 1964, men begge gongane enda det med tap. I 1966 gjekk han over til AC Milan, der han gjennom sju sesongar var med å vinne sju meistertitlar. Han fekk cupgull i sin fyrste sesong, sesongen etter vart det siger i både Cupvinnarcupen og i den italienske serien. Største triumfen med Milan opplevde han då Milan slo Ajax med 4-1 i Europacupfinalen 1969. Seinare vart han cupmeister i 1972, medan han i sin siste sesong med klubben vann Cupvinnarcupen for andre gong og sitt tredje nasjonale cupgull. Frå 1973 til -77 spelte Rosato for Genoa CFC i både Serie A og Serie B. Han la opp som fotballspelar i 1979.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rosato fekk sin debut for Italia i mars 1965 i ein vennskapskamp mot Vest-Tyskland i Hamburg. Han var fast på på landslaget til VM 1966 i England, men fekk få kampar i tida fram til neste verdsmeisterskap. I 1968 var han ein av dei som kom inn på laget før Italia spelte den andre finalekampen i EM i fotball 1968, der det vart siger med 2-0 over Jugoslavia. Under VM i 1970 spelte han alle kampane, også då Italia spelte finale mot Brasil og tapte 1-4. Fram til hausten 1972, då han spelte sin siste landskamp, var han så godt som fast for Italia. Han skåra aldri landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1969 med Milan
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1968 og 1973 med Milan
  • Italiensk seriemeister 1968 med Milan
  • Italiensk cupmeister 1967, 1972 og 1973 med Milan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]