Sandsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandsnipe
Sandsnipe på kysten av Texas, 7. mai 2011 Foto: Dan Pancamo
Sandsnipe på kysten av Texas, 7. mai 2011
Foto: Dan Pancamo
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Sandsnipe
Utbreiinga av Sandsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Sandsnipe C. pusilla
Vitskapleg namn
Calidris pusilla

Sandsnipe (Calidris pusilla) er ein særs liten vadefugl i snipefamilien med leveområde i Amerika. Han hekkar på tundra i Canada og Alaska, er ein flyttfugl som overvintrar langs kystar i Karibia, sørlege Mellom-Amerika og Sør-Amerika.

Sandsnipe i Ontario, Canada, august 2006

Sandsnipa veg ca. 30 gram og er 13 til 15 centimeter i lengd, litt kortare enn ein gråsporv. Vaksne sandsniper har svarte bein og eit kort og mørkt, kraftig rettpeikande nebb. Kroppen er mørk gråbrun på oversida med kvit underside. Hovudet og nakken er farga lys gråbrune. Denne fuglen kan vere vanskeleg å skilje frå andre liknande små Calidris-sniper, spesielt dvergsnipe og den litt større beringsnipe.

Hekkehabitata ligg på sørlege tundraen i Canada og Alaska, nær vatn. Hannfuglen lagar fleire grunne senkingar i bakken, og hoa vel ein av desse som reirplass og fôrar med gras og anna materiale. Hoa legg 4 egg, og begge tar del i ruginga. Ungane er sjølvstendige ved klekking og hoa forlèt ungen og hannfuglen ca. 10 dagar etter klekking.

Dei er langdistanseflyttfuglar og har vinterkvarter i kystnære tropiske Sør-Amerika, ei hovudmengd i Suriname Fransk Guyana, men nokre langs kysten av Brasil, andre i Karibia, og enda færre overvintrar i det sørlege USA. Dei vandrar i flokkar som kan inkludere hundretusenar, spesielt på favorittbeiteplassar som Fundybukta og Delawarebukta. Denne arten er ein sjeldan, men regelmessig streiffugl til Vest-Europa, inklusive Noreg.

Desse fuglane beitar på grunne mudderbankar, lokaliserer mat med hjelp av synet og eit kjenslevart nebb. Dei lever hovudsakleg av vasslevande insekt og krepsdyr.

Jamvel om populasjonen er stor, er han avhengig av nokon få viktige rasteplassar som nyttige habitat under trekket, spesielt Shepodybukta, ein arm av Fundybukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sandsnipe