Sentrumsalliansen
| Sentrumsalliansen | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Grunnlagt | 2007 | ||
| Hovudkvarter | Bergen | ||
| Politisk posisjon | sentrisme | ||
Sentrumsalliansen er eit norsk politisk parti som stiller til stortingsval for første gong ved valet i 2009. Partiet vart danna i Bergen i 2007 av utbrytarar frå Arbeidarpartiet, mellom anna den tidlegare nestleiar og medlem i Arbeidarpartiet i Bergen, Merete Andreassen og Salar Salih.[1] Dei sa den gongen at dei ønskte å fylla vakuumet som dei meinte eksisterte mellom Arbeidarpartiet og Høgre.[2] Partiet stilte til val i Bergen ved kommunevalet i 2007 under namnet Det sosialdemokratiske parti og fekk 537 røyster, som var 0,5 % av røystene i Bergen. Det vart dermed ikkje representert i bystyret.[2]
Ved stortingsvalet i 2009 stiller partiet liste berre i Hordaland. Toppkandidaten er Salar Salih.[3] Partiet seiar at deira fremste mål er å "fremme Hordaland og Vestlandets krav til rettferdig fordeling", og vidare at dei "inviterer veljarane med på ein regional politisk mobilisering for å komme forfordelinga av Austlandet til livs."[4]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ bt.no - Varslere i nytt parti
- 1 2 regjeringa.no - Resultater for Bergen i Hordaland (Vist som "DSP")
- ↑ bt.no - Optimister vil vinne sentrum
- ↑ sentrumsalliansen.no - Politikk, arkivert frå originalen 2011-07-24, henta 2009-07-19
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)