So Far Away av Carole King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
So Far Away
Singel av Carole King
frå albumet Tapestry
A-side

Smackwater Jack

Utgjeve Mars 1971
Innspelt Januar 1971 i A&M Recording Studios
Sjanger Softrock[1]
Lengd 3:55
Selskap Ode/A&M Records
Epic/SME Records
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Lou Adler
Carole King-kronologi 
«It's Too Late» / «I Feel the Earth Move»
(1971)
So Far Away «Sweet Seasons»
(1971)


«So Far Away» er ein song skriven av Carole King, utgjeve i 1971 på albumet hennar Tapestry. James Taylor speler akustisk gitar på songen.

Teksten uttrykker lengsle etter ein kjæraste som er langt unna.[2] Men Allmusic-kritikaren Bill Janovitz skreiv at medan teksten startar med å fokusera på den fysiske avstanden mellom kjærastar, bruker teksten det som eit startpunkt for òg å utforska kjenslemessig avstand mellom kjærastar.[3] Rolling Stone uttalte at King sin «varme, seriøse vokal» på songen brakte fram vonløysa i songen.[4] Cash Box sa om det at «Carole vev ein praktfull ballade spunne av mjuke, melodiske fraseringer og beroligande pianoakkompagnement toppa med den suverene Lou Adler- produksjonen.»[5] I 2017 rangerte Paste songen på fjerdeplassen på lista si over dei 12 beste Carole King-låtane,[6] og i 2022 rangerte American Songwriter songen på andreplassen på deira liste over dei 10 beste Carole King-låtane.[7]

I tillegg til Taylor, og King på piano, vart songen spelt inn med Russ Kunkel på trommer, Charles Larkey på bassgitar og Curtis Amy på fløyte.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1995 vart Rod Stewart sin versjon av songen inkludert på hyllestalbumet Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King. I USA vart han gjeve ut som singel og nådde andreplassen på Adult Contemporary-lista i USA.[8] Han nådde fjerdeplassen på den kanadiske AC-lista.[9] «So Far Away» vart seinare inkludert på balladesamlingsalbumet hans frå 1996 If We Fall in Love Tonight.
  • I 2015 vart songen spelt i den musikalske TV-serien Glee i episoden «Jagged Little Tapestry» og gjeve ut på EP-en Glee: The Music, Jagged Little Tapestry framført av Dianna Agron og Jenna Ushkowitz som karakterane deira Quinn Fabray og Tina Cohen-Chang.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Carole King-versjonen
Liste (1971) Plassering
Canada RPM 100 Singles 17
Canada RPM Adult Contemporary[10] 12
U.S. Adult Contemporary[11] 3
U.S. Billboard Hot 100[11] 14
US Cashbox Hot 100[12] 13
U.S. Record World Singles Chart[13] 5
Rod Stewart-versjonen
Liste (1996) Plassering
Canada RPM Adult Contemporary[9] 4
Tyskland 74
U.S. Adult Contemporary[14] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
U.S. Adult Contemporary (Billboard)[15] 31
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[16] 118

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Best of Love: 16 Great Soft Rock Hits Review». Henta 27. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 Perone, J.D. (2006). The Words and Music of Carole King. Greenwood Publishing. s. 34. ISBN 9780275990275. 
  3. Janovitz, B. «So Far Away». Allmusic. Henta 17. april 2014. 
  4. «500 Greatest Albums of All Time: Tapestry». Rolling Stone. 31. mai 2009. Arkivert frå originalen 27. april 2013. Henta 15. mai 2022. 
  5. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 21. august 1971. s. 14. Henta 10. desember 2021. 
  6. Logsdon, Nate (14. april 2017). «The 12 Best Carole King Songs». Paste. Henta 29. april 2022. 
  7. «Top 10 Carole King Songs». American Songwriter. 9. februar 2022. Henta 29. april 2022. [daud lenkje]
  8. «Adult Contemporary Music Chart». Billboard. 20. april 1996. Henta 5. oktober 2016. 
  9. 9,0 9,1 RPM Magazine. Adult Contemporary - Volume 63, nr. 4. Adult Contemporary - Volume 63, nr. 4. 11. mars 1996.
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 9. oktober 1971. Henta 13. mai 2022. 
  11. 11,0 11,1 Billboard Singles charts for singles from Tapestry on allmusic
  12. «Cash Bow Top 100, 11. februar 1982». cashbox.com. Henta 1. november 2019. 
  13. «Record World Singles Chart, 16. oktober 1971» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. februar 2022. Henta 15. mars 2022. 
  14. «Adult Contemporary Music Chart». Billboard. 20. april 1996. Henta 15. mai 2022. 
  15. Billboard, 25. desember 1971.
  16. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]