Sweet Seasons
Sweet Seasons Singel av Carole King frå albumet Music | ||
B-side |
Pocket Money | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1972 | |
Sjanger | Folkrock, softrock, blue-eyed soul | |
Lengd | 3:14 | |
Selskap | Ode Records A&M Records Sony/BMG | |
Låtskrivar(ar) | Toni Stern, Carole King | |
Produsent | Lou Adler | |
Carole King-kronologi | ||
«So Far Away» (1971) |
Sweet Seasons | «Been to Canaan» (1972)
|
«Sweet Seasons» er ein song skriven av Carole King og Toni Stern og gjeven ut av King i 1971 på albumet Music. Han var den einaste singelen frå albumet som gjekk inn på singellista og det var den andre av fire topp 10-hittar for ho i USA.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]E! News-reporteren Josh Grossberg skildra songen som ein av dei største hittane til King.[1] Cash Box skildra han som ein «piano pumper-thumper» som er «lys og luftig».[2]
Musikologen James Perone skildra teksten til Stern som mindre personleg enn tekstane Stern og King skreiv for songar på det tidlegare albumet til King, Tapestry.[3] Det er likevel ei linje som Perone ser på som personleg, når King syng om å få barn og bygga eit liv på landet.[3] Perone føler at denne linja refererer til Kings døtrer og flyttinga hennar til Idaho.[3] I følgje New Jersey Star-Ledger-reporteren Tris McCall, framstiller teksten songaren på ein måte som King ofte framstiller hovudpersonane i songane hennar, som «skapre og bedårande, men òg vanskelege og refleksivt sjølvaktuelle».[4]
Perone skildra songen som 'Top 40, pop-orientert', men høyrer òg element i arrangementet som føregrip stilen til Steely Dan så vel som Rickie Lee Jones sitt hornarrangement i «Chuck E.'s in Love».[3] Perone vurderer songen som «ein ideell AM-radio, topp-40 poplåt ... som står seg like godt som nokon av Carole Kings hitkomposisjoner».[3] Men Tim Crouse frå Rolling Stone skildra songen som eit skuffande søppel.[5] Skodespelarinna Jessie Mueller, som portretterte King i Broadway-musikalen Beautiful: The Carole King Musical, ser på «Sweet Seasons» som ein av favorittane hennar av King.[6]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Henta frå The Words and Music of Carole King.3
- Carole King – vokal, piano
- Curtis Amy – tenorsaksofon
- Oscar Brashear – flygelhorn
- Bobbye Hall – bongo, conga
- Danny Kortchmar – elektrisk gitar
- Charles Larkey – bassgitar
- Joel O'Brien – trommer
- Ralph Schuckett – Hammondorgel
Salslister
[endre | endre wikiteksten]«Sweet Seasons» nådde niandeplassen i USA og 12. plassen i Canada. Det var òg ein Adult Contemporary-hit i begge landa og nådde høvesvis andreplassen og 21. plassen. Songen var òg populær i Tyskland, særleg blant yngre folk.[7]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]«Sweet Seasons» har blitt spelt av mange andre musikarar, som The Isley Brothers (1972), Francis Yip (1973) og Micky Dolenz (2010).[17]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sweet Seasons» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Grossberg, Josh (17. mai 2013). «Carole King to Receive Gershwin Prize From President Obama at the White House». E! News.
- ↑ «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 22. januar 1971. s. 22. Henta 21. mai 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Perone, James E. (2006). The Words and Music of Carole King. Praeger. s. 45–46. ISBN 0275990273.
- ↑ McCall, Tris (14. januar 2014). «'Beautiful: The Carole King Musical' a celebration of songwriting». nj.com. Henta 21. mai 2022.
- ↑ Crouse, Tim (20. januar 1972). «Carole King: Music: Music Review». Arkivert frå originalen 7. august 2008.
- ↑ Taras, Rebecca (24. juni 2014). «Tony Award-Winning Jessie Mueller On Playing Carole King». Refinery29. Henta 21. mai 2022.
- ↑ Brinktrine, Ralf & Kastner, Berthold (2013). «Das «Sweet Seasons»». Fallsammlung zum Verwaltungsrecht. Springer-Verlag. s. 31. ISBN 9783662071861.
- ↑ «Australian Chart Book». Austchartbook.com.au. Henta 21. mai 2022.
- ↑ «RPM Weekly». Library and Archives Canada. 4. mars 1972.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 21. mai 2022.
- ↑ «Carole King Chart History: Adult Contemporary». Billboard Magazine. Henta 21. mai 2022.
- ↑ «Carole King Chart History: Hot 100». Billboard Magazine. Henta 21. mai 2022.
- ↑ «Cash Box Top 100 3/04/72». Tropicalglen.com. 4. mars 1972. Arkivert frå originalen 21. mai 2022. Henta 21. mai 2022.
- ↑ Steffen Hung. «Forum - Top 100 End of Year AMR Charts - 1980s (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Henta 21. mai 2022.
- ↑ Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X.
- ↑ «Cash Box YE Pop Singles - 1972». Tropicalglen.com. 30. desember 1972. Arkivert frå originalen 28. september 2018. Henta 21. mai 2022.
- ↑ «Cover versions of Sweet Seasons by Carole King». SecondHandSongs.com. Henta 21. mai 2022.