City Streets av Carole King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
City Streets
Studioalbum av Carole King
Utgjeve 1989
Studio Skyline Studios New York, NY
Sjanger Rock
Lengd 42:50
Selskap Capitol
Produsent Carole King, Rudy Guess
Carole King-kronologi
Speeding Time
(1983)
City Streets Colour of Your Dreams
(1993)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.0/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Chicago Tribune2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Deseret News(middels)[3]
Rolling Stone2.0/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

City Streets er det 14. studioalbumet til den amerikanske musikaren Carole King, gjeve ut i 1989. Det var hennar første album på seks år og vart produsert i lag med Rudy Guess, som støtta ho som gitarist i seinare år.

Eric Clapton speler gitarsoloen på tittelsporet. Denne vart gjeven ut på singel og vart ein topp 20-hitt på den amerikanske Billboard Adult Contemporary-lista. Clapton spelte òg gitar på «Ain't That the Way». Ein annan gjestemusikar er Branford Marsalis, som spelte saksofon på «Midnight Flyer».

Før ho laga comebackalbumet hadde King fokusert på skodespelarkarrieren. «I Can't Stop Thinking About You» er eit samarbeid med skodespelaren Paul Hipp, som spelte i lag med ho i off-Broadway-showet A Minor Incident i 1988. «Midnight Flyer» og «Someone Who Believes in You» vart skriven i lag med den tidlegare ektemannen og låtskrivarpartnaren hennar Gerry Goffin. Sistnemnde vart opphavleg skriven for Air Supply-songaren Russell Hitchcock. Tolkinga hans vart først gjeve ut på det sjølvoppkalla soloalbumet hans i 1987, og han spelte inn songen på ny for Air Supply-albumet The Earth Is..., fire år seinare. Han vart òg spelt inn av Martha Wash i 1993 på soloalbumet hennar.

Som andre album ho gav ut i 1980-åra fekk City Streets middels kritikk og selde dårleg. Det nådde berre 111. plassen på Billboard albumlista i USA.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«City Streets»Carole King5:00
2.«Sweet Life»King, Rudy Guess4:34
3.«Down to the Darkness»King4:17
4.«Lovelight»King4:28
5.«I Can't Stop Thinking About You» (Duett med Paul Hipp)King, Paul Hipp5:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Legacy»King, Guess5:04
7.«Ain't That the Way»King3:09
8.«Midnight Flyer»King, Gerry Goffin4:27
9.«Homeless Heart» (Duet with Sherry Goffin)King, John Bettis4:05
10.«Someone Who Believes in You»King, Goffin2:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Carole King – solovokal, korvokal (1-4, 6-8), synthesizer (1-3), rytmegitar (2), akustisk piano (3, 7), klaverinstrument (4, 6, 8-10), Hammondorgel (7)
  • Robbie Kondor – synthesizer (2, 4, 6, 9, 10), akustisk piano (5), Hammondorgel (6, 8)
  • Teddy Andreadis – akustisk piano (6)
  • Eric Clapton – sologitar (1), gitar (7)
  • Rudy Guess – rytmegitar (1, 2), sologitar (2), gitar (3, 4, 6, 8, 9), elektrisk gitar (5), mandolin (8)
  • Mark Bosch – akustisk gitar (5), elektrisk gitar (5)
  • Paul Hipp – akustisk gitar (5), korvokal (5)
  • Wayne Pedzwater – bass (1, 2, 5-10)
  • Seth Glassman – bass (3, 4)
  • Steve Ferrone – trommer (1, 3, 6, 7, 9)
  • Max Weinberg – trommer (2)
  • Omar Hakim – trommer (5, 8), cymbal (10)
  • Jimmy Bralower – tamburin (1, 8), kubjølle (2), pauker (3), elektroniske trommer (4), perkusjon (4)
  • Sammy Figueroa – perkusjon (3, 6, 7, 9, 10)
  • Michael Brecker – saksofon (1)
  • Jimmy Roberts – saksofon (5)
  • Branford Marsalis – saksofon (8)
  • Nick Lane – trombone (5)
  • Jimmy Zavala – munnspel (8)
  • Richard Hardy – fløyte (10)
  • Heidi Berg – korvokal (9)
  • Angela Capell – korvokal (9)
  • Kacey Cisyk – korvokal (9)
  • Sherry Goffin – korvokal (9)

Production[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar – Carole King og Rudy Guess
  • Leiande produsent – Tom Whalley
  • Innspelt og miksa av James Farber i Skyline Studios (New York, NY).
  • Andre lydteknikar – Eugene «UE» Nastasi
  • Mastering av Greg Calbi i Sterling Sound (New York, NY).
  • Kunstnarisk leiar – Tommy Steele
  • Design – Jeffrey Fey
  • Fotografi – Caroline Grayshock

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 40
Den kanadiske RPM-lista[6] 66
Den nederlandske albumlista[7] 67
U.S. Billboard 200[8] 111

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic Review
  2. Van Matre, Lynn (13. april 1989). «Carole King City Streets (Capitol)». chicagotribune.com. Chicago Tribune. Henta 26. mai 2022. 
  3. Sprangler, Jerry (6. mai 1989). «FOLK MUSIC IS MAKING A COMEBACK TO THE SURPRISE OF INDUSTRY INSIDERS». deseretnews.com. Deseret News. Arkivert frå originalen 2016-03-03. Henta 26. mai 2022. 
  4. Hoerburger, Rob (18. mai 1989), «City Streets by Carole King», Rolling Stone, arkivert frå originalen 2016-05-07, henta 26. mai 2022 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 166/167. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. «Top Albums/CDs - Volume 50, nr. 4». RPM. 22. mai 1989. Arkivert frå originalen (PHP) 6. januar 2014. Henta 18. desember 2013. 
  7. «dutchcharts.nl Carole King - City Streets» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 18. desember 2013. 
  8. Allmusic - Charts & Awards