Will You Love Me Tomorrow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Will You Love Me Tomorrow
Singel av The Shirelles
frå albumet Tonight's the Night
B-side

«Boys»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1960 (USA)
1961 (UK)
Innspelt 14. februar 1960
Sjanger R&B
Lengd 2:43
Selskap Scepter
Komponist Carole King
Tekstforfattar Gerry Goffin
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
The Shirelles-kronologi 
«Tonight's the Night»
(1960)
Will You Love Me Tomorrow "Dedicated to the One I Love"
(1961)


«Will You Love Me Tomorrow» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King. Han har vorte spelt inn av mange artistar og er av Rolling Stone rangert på 125. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Songen er kjend for å vere den første songen som nådde førsteplassen i USA av ei jentegruppe, The Shirelles.

The Shirelles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1960 gav The Shirelles ut sin versjon av songen med «Boys» som B-side. Singelen vart først berre kalla «Tomorrow», før den lengre tittelen seinare vart nytta. Då frontsongaren, Shirley Owens (seinare kjend som Shirley Alston-Reeves), først høyrte songen ville ho ikkje spele han inn fordi ho meinte han var for «country». Ho snudde etter at det vart lagt på strykarar. I 1961 nådde singelen førsteplassen på Billboard Hot 100 i USA. Somme radiostasjonar nekta å spele songen fordi dei meinte teksten var for seksuelt ladd.

Denne versjonen av songen er rangert som den 101. beste gjennom tidene, samt den beste songen frå 1960, av Acclaimed Music.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har sidan vorte spelt inn av mange andre artistar. Kjende versjonar er mellom anna gjort av:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]