So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star
singel av The Byrds
frå albumet Younger Than Yesterday
B-side «Everybody's Been Burned»
Utgjeve 9. januar 1967
Innspelt 28. november til 1. desember 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Rock
Lengd 2:05
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Jim McGuinn, Chris Hillman
Produsent Gary Usher
The Byrds-kronologi
«Mr. Spaceman»
(1966)
So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star «My Back Pages»
(1967)


«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av Jim McGuinn og Chris Hillman. Songen kom ut på albumet deira Younger Than Yesterday i 1967,[1] men vart først gjeven ut som singel den 9. januar 1967. Singelen nådde 29. plass i USA, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[2][3] Songen vart inspirert av den intensive publisiteten kring danninga av The Monkees, som nettopp hadde hatt debut på fjernsynsserien sin i USA, slik at det fabrikerte bandet vart internasjonalt kjende.[4] Dette fekk Hillman og McGuinn til å sjå på den dåverande tilstanden til popverda med litt meir kynisme.[5][4]

Musikalsk dannar 12-strengsgitaren til McGuinn og basslinja til Hillman kjernen i songen.[6][7] Hillman har fortalt at han lagde basslinja i songen under ei innspeling for den sørafrikanske musikaren Hugh Masekela.[7] Maskela spelar trompet på songen, noko som var første gong Byrds nytta blåseinstrument på ei innspeling.[8][7] I tillegg kan høyran skrikande tenåringsjenter på songen. Desse hyla vart spelt inn den 15. august 1965 under ein konsert med The Byrds i Bournemouth.[9][4]

Songen finst på fleire samleplater med The Byrds, samt konsertutgåve på (Untitled) og Live at the Fillmore - February 1969 og Live at Royal Albert Hall 1971.[1]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre The Patti Smith Group, Tom Petty and the Heartbreakers, Black Oak Arkansas, Roxette , Golden Earring, Jon Bon Jovi, Crowded House og Pearl Jam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Younger Than Yesterday review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  2. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 118. ISBN 1-90600-215-0. 
  3. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 193. ISBN 0-95295-401-X. 
  5. «The Monkees Biography». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  6. «The 40 Greatest Gitar Albums Of 1967». Keyboard Magazine. Henta 18. oktober 2010. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Younger Than Yesterday». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 18. oktober 2010. 
  8. Frame, Pete. (Februar 1973), «History of The Byrds», Zigzag (London) 
  9. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 60–61. ISBN 1-90600-215-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]