Mr. Spaceman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mr. Spaceman
singel av The Byrds
frå albumet Fifth Dimension
B-side

«What's Happening?!?!»

Utgjeve 6. september 1966
Innspelt 28. april til 6. mai, 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 2:09
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Jim McGuinn
Produsent Allen Stanton
The Byrds-kronologi 
«5D (Fifth Dimension)»
(1966)
Mr. Spaceman «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star»
(1967)


«Mr. Spaceman» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds og var det tredje sporet på albumet deira Fifth Dimension frå 1966.[1] Songen vart opphavleg skriven av bandmedlem Jim McGuinn som eit «melodramatisk manus», men det utvikla seg raskt til ein underleg fabel om utanomjordisk liv.[2] Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i september 1966.[3] Singelen nådde 36. plass på den amerikanske singellista, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[4][5]

Då han kom ut kalla musikkpressa songen for «space-rock», men dette uttrykket har sidan heller vorte nytta om progressiv og psykedelisk rock i 1970-åra.[6][7] Musikalsk har «Mr. Spaceman» eit country-aktig akkompagnement, og sjølv om ein òg finn spor av psykedelia, er det ein peikepinn framover mot countrymusikken dei laga på Sweetheart of the Rodeo.[8][1][9] Songen er derfor omtalt som eit av dei tidlegaste døma på countryrock.[10] Tittelen minnar òg om den tidlegare monsterhitten til The Byrds, «Mr. Tambourine Man».

Songen vart mykje spelt på konsertar av The Byrds og finst på mange samleplater av bandet. Konsertutgåver av songen finst på (Untitled) og Live at Royal Albert Hall 1971.[11]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har spelt «Mr. Spaceman», som Jimmy Buffett og GonzoThe Muppets-albumet Kermit Unpigged og Alvin and the Chipmunks på albumet The A-Files: Alien Songs.[12] Songen er òg spelt av The Flying Burrito Brothers på konsertalbumet Cabin Fever frå 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Fifth Dimension review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  2. Rogan, Johnny. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes). 
  3. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 544. ISBN 0-95295-401-X. 
  4. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  5. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  6. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 181–182. ISBN 0-95295-401-X. 
  7. «Space Rock». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  8. «Fifth Dimension». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 18. oktober 2010. 
  9. «The Complete Guide to Country Rock - Part 3». Musictoob. Henta 18. oktober 2010. 
  10. «American Band: The Byrds, from folk rock to country rock». Crazed Fanboy. Henta 18. oktober 2010. 
  11. «Mr. Spaceman album appearances». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  12. «Mr. Spaceman cover versions». Allmusic. Henta 18. oktober 2010.