Sokotra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 12°30′N 53°55′E
Sokotra
سُقُطْرَى, Suquṭra
øy
none  Landsat-bilete av Sokotra
Landsat-bilete av Sokotra
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Soqatra
Del av Sokotraøyane
By Hadibu
stad Indiahavet
 - koordinatar 12°30′N 53°55′E
Høgaste punkt Haghierfjella
 - høgd 1 503 moh
Lengd 132 km
Breidde 50 km
Areal 3 796 km²
Folketal 44 000
Folketettleik 12 / km²
Verdsarvstad
Namn Soktraøyane
År 2008 (#32)
Nummer 1263
Region Arabia
Kriterium x
Tal på øyar 4
Store øyar Sokotra, Abd al Kuri, Samhah, Darsah
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Topographic map of Socotra-en.svg
Wikimedia Commons: Socotra

Sokotra (jemenittisk arabisk Jazîratu l-suqutrâ), òg skrive Soqotra, er ei øygruppe i Det indiske havet, like aust for Afrikas horn. Det næraste fastlandet er Somalia, men øyane høyrer til JemenDen arabiske halvøya, som ligg 350 km mot nordvest. Hovudøya Sokotra er 3 625 km², i tillegg høyrer dei tre småøyane Abd al Kuri og Darsa, kjend som «brørne», og Samha, i tillegg til ei rekke mindre klippeøyar til øygruppa.

Øyane var lenge ein del av Aden guvernement. I 2004 vart dei ein del av Hadhramaut guvernement, som ligg mykje nærmare øya enn Aden og i 2013 vart øygruppa eit eige guvernement.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sokotra er ein av dei mest isolerte landmassane på jorda som ikkje er av vulkansk opphav. Øyane var opphavleg del av Gondwana-kontinentet, og braut seg laus i mellom-pliocentida for om lag 6 millionar år sidan. Adenbukta nordvest for øyane blei til i den same rift-hendinga.

Hovudøya er litt over 130 km lang i aust-vestleg retning, med ein typisk breidde på 30-35 km frå nord mot sør. Innlandet har ein fjellkjede på opptil 1525 meter. Rundt ligg eit kalksteinsplatå med karsthòler lenger oppe, og ute langs kysten finn ein smale, flate landstriper. I havet veks korall, og det er langgrunt, med djupner på 40 meter funne så langt som 50 km sør for øya, og 20 km nord.[1]

Øyane har for det meste tropisk ørkenklima og steppeklima (Köppen si klimaklassifisering: BWh og BSh) med lett regnfall i regntida, meir i fjella enn ved kysten. Monsunen gjev regn, men òg sterke vindar og rørt sjø.

Klimadata for Sokotra
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 27.2 28.5 30.5 32.7 34.2 33.9 32.0 32.3 32.7 31.4 29.8 28.0 31 10
Døgnmiddeltemp. °C 22.0 23.4 25.1 27.5 28.9 29.0 27.6 27.5 27.6 26.0 24.2 22.7 25 96
Normal min. temp. °C 16.8 18.3 19.8 22.2 23.7 24.1 23.2 22.8 22.6 20.6 18.7 17.5 16,8
Nedbør (mm) 23 18 14 22 37 18 12 15 27 38 18 16 258
relativ fukt 20 21 24 27 29 29 28 27 27 25 22 21 25,2
Normal mengd nedbørdagar (≥ 0.0 mm) 2.0 2.0 2.1 3.4 4.1 6.0 9.7 9.3 4.9 3.2 3.0 3.0 52,7
Kjelde: Climatic Research Unit, University of East Anglia[2]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Drageblodstre på Skotra.

Dei isolerte øyane har eit særeige plante- og dyreliv, med mange artar som berre finst på desse øyane. Over ein tredjedel av dei 800 planteartane ein har funne på Sokotra veks ingen annan stad. Fleire fuglar, som sokotrastare (Onychognathus frater), sokotrasolfugl (Chalcomitra balfouri), sokotrasporv (Passer insularis) og gullvengfink (Rhynchostruthus socotranus socotranus), finst òg berre på øygruppa. Dei einaste innfødde pattedyra på Sokotra er flaggermus.

Ein viktig planteart er det sokotiske drageblodstreet (Dracaena cinnabari), i tidlegare tider kjelda til ei raud kvae kalla «drageblod».

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Det bur rundt 80 000 menneske på Sokotra. Hadiboh (Tamrida) på nordkysten er den største byen med om lag 43 000 innbyggjarar (est. 2004). Abd al Kuri og Samha har nokre få hundre innbyggjarar, medan Darsa er aude. Dei snakkar suqutri eller andre dialektar av sørarabisk.

Folka som held til i innlandet er nomadar som driv med husdyrhald, særleg kyr og geiter, og noko jordbruk, særleg dadlar. Kystbuane livnærer seg for det meste gjennom fiske, perledykking og handel. Dei viktigaste eksportvarene er tørka fisk (særleg haiprodukt), aloe, ghi og perler. Sokotra er eit fattig område i Jemen med dårleg helsetilbod, infrastruktur og elektritetstilgang, og høg analfabetisme.[3]

Øybuane var lenge kristne, i følgje deira eigne overleveringar omvende av den misjonerande apostelen Thomas. I løpet av 1600-talet konverterte innbyggjarane til islam.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya var kjend av fleire gamle sivilisasjonar. I Antikken tok ho del i handelen i det indiske havet som kjelde for røykjelse og drageblod, ei raud kvae som blei brukt som medisin og fargestoff. Øya er mellom anna skildra, som Dioscorida, i den greske kjelde navigasjonsteksten Periplus for det eritreiske hav frå det første hundreåra etter Kristus.

Sokotra-øyane var lenge del av Mahra-sultanatet. Den portugisiske oppdagaren Tristan da Cunha gjekk i land der i 1507 og gjorde krav på øya for Portugal, men allereie i 1511 mista det portugisiske imperiet kontrollen tilbake til Mahra-sultanen. Ho blei vitja av nederlendarar på 1600-talet, og i 1834 gjorde Det britiske Aust-India-kompaniet framlegg om å kjøpa øyane. Dei fekk ikkje gjennomslag, men i 1886 gjekk sultanen med på å la sultanatet bli eit britisk protektorat. I 1967 blei så dette ein del av det sjølvstendige landet Sør-Jemen og seinare av Jemen.

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet Sokotra kan vera avleia av sanskrit dvipa-sukhadhara, ‘paradisøya’, eller arabisk souk, ‘marknad’ og qotra ‘drope’, som kan visa til kvaa til drageblodstreet. Den siste forklaringa er støtta av at hovudstaden på hovudøya var kjend som Suq, og qatra er nytta på arabisk om øyar fleire stader.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sokotra

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Socotra frå Wikivoyage