Guri Melby
Guri Melby | |
![]() | |
Fødd | 3. februar 1981 (41 år) Orkdal |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar, lektor |
Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
Verv | Norsk kunnskaps- og integreringsminister 13. mars 2020– |
Verv | Byråd i Oslo for samferdsle og miljø 2013–2015 |
Føregangar | Ola Elvestuen |
Etterfylgjar | Lan Marie Nguyen Berg |
Verv | Stortingsrepresentant 2018–2020 |
Guri Melby (fødd 3. februar 1981) er ein norsk politikar for Venstre. Ho vart utnemnd til kunnskaps- og integreringsminister i Erna Solberg si regjering 13. mars 2020.[1][2]
Melby var byråd for miljø- og samferdsle i Oslo 2013–2015. Etter kommunevalet i 2015 vart ho gruppeleiar for Venstre i Oslo (2015–2018) og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen i Oslo bystyre.[3] Ho var fast møtande vararepresentant på Stortinget medan Trine Skei Grande satt i regjering, og var finanspolitisk talsperson for Venstre.
Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]
Melby var fødd i Orkdal. Ho var medlem av Orkdal kommunestyre 1999–2007 og medlem av Trondheim bystyre 2007–2011.[4][5] Ho var Venstre sitt 1. kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag ved vala i 2005 og 2009, og 3. kandidat i Oslo i 2013 og 2017. I perioden 2013-2017 og 2017-2021 var ho 1. vararepresentant for Trine Skei Grande og Ola Elvestuen. Melby har vore medlem av Venstre sitt landsstyre sidan 2008, medlem av sentralstyret sidan 2010 og leiar i programkomiteen til partiet framfor stortingsvalet i 2013 og stortingsvalet 2021. Melby var medlem av eit regjeringsoppnemnt utval som skulle utreie trus- og livssynspolitikken 2010–2013.[6][7] Ho har òg bakgrunn frå Unge Venstre, der ho sat i sentralstyret i fleire periodar.
Melby har mastergrad i nordisk frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet frå 2007. Melby si masteroppgåve handla om dialektbruken i TV-programmet Team Antonsen.[8] Ho vart høgskolelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus sidan høsten 2012. Før dette var ho lærar ved Høgskolen i Sør-Trøndelag 2008–2011, rådgjevar ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning 2010–2011 og rådgjevar i Kunnskapsdepartementet 2011–2012.[9]
Då Ola Elvestuen vart vald inn på Stortinget i 2013 tok Melby over som Byråd for miljø- og samferdsle i Oslo. Frå 15. oktober 2013 til oktober 2015 var ho byråd for samferdsle og miljø i Oslo.[10] I oktober 2014 vart ho nominert på førsteplass på Venstre si valliste i Oslo framfor bystyrevalet i 2015. Som byråd for miljø- og samferdsle hadde ho ansvar for utbygginga av kollektivtrafikken i Oslo og kjøp av nye trikkar til byen. Ho hadde òg ansvaret for sykkelsatsinga i Oslo.[11]
I perioden mellom tida som byråd og stortingsrepresentant var Melby gruppeleiar for Venstre i Oslo bystyret og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen.
Fra 1. januar 2016 til mars 2018 var ho styreleiar i Språkrådet.[12][13]
Då Venstre gjekk inn i Regjeringa Solberg 17. januar 2018, tok Melby over som stortingsrepresentant for statsråd Skei Grande. Ho var tidlegare kunnskapspolitisk talsperson, og satt i Stortingets Utdannings - og forskningskomiteé, men gjekk i januar 2020 inn i Stortingets finanskomité og vart finanspolitisk talsperson for Venstre.[14]
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2018-2020 medlem av Utdannings - og forskningskomiteen ved Stortinget
- 2020-2020 medlem av Stortingets finanskomité
Regjering[endre | endre wikiteksten]
13. mars 2020 overtok Melby som kunnskaps- og integreringsminister i Erna Solberg si regjering etter at Trine Skei Grande gjekk av som statsråd.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Guri Melby» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2020.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Offisielt frå statsråd 13. mars 2020
- ↑ Den fødte lærer - Portrettintervju i Aftenposten/Lørdag 21. mars 2020
- ↑ «Samferdsels- og miljøkomiteen». oslo.kommune.no. 14. juli 2009. Henta 26. februar 2017.
- ↑ Agerlie, Kristin (14. juli 2009). «Vil ha femårig lærarutdanning». NRK Trøndelag. Henta 28. januar 2013.
- ↑ Hansen, Thomas Havro (14. desember 2011). «Tilfeldigvis Guri». Venstre. Henta 28. januar 2013.
- ↑ «Utvalg for tros- og livssynspolitikk nedsatt». Kulturdepartementet. 25. juni 2010. Henta 28. januar 2013.
- ↑ «NOU 2013: 1 Det livssynsåpne samfunn. En helhetlig tros- og livssynspolitikk». Kulturdepartementet. 7. januar 2013. Henta 28. januar 2013.
- ↑ Graven, Andreas R. (14. juni 2007). «Team Antonsen som språkspeil». forskning.no. Arkivert frå originalen 2013-10-19. Henta 28. januar 2013. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkivurl=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp) - ↑ «Guri Melby». LinkedIn. Henta 28. januar 2013.
- ↑ Mellingsæter, Hanne (15. oktober 2013). «Her er Oslos nye byråder». osloby.no. Henta 15. oktober 2013.
- ↑ Hege Bjørnsdatter Braaten (15.06.2015). «Nettavisen: Dette er Oslos nye bysykler». Henta 22.07.2015.
- ↑ regjeringen.no Nytt styre i språkrådet 18.12.2015
- ↑ «Teatertopp blir ny styreleder i Språkrådet». Dagbladet.no (norsk). 12. mars 2018. Henta 15. november 2018.
- ↑ «Ny sammensetning av Venstres stortingsgruppe». Venstre (norsk bokmål). 29. januar 2020. Henta 30. januar 2020.
- «Guri Melby». Venstre. Arkivert frå originalen 2009-06-15. Henta 15. mai 2020. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkivurl=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Einskildkvinner
- Fødde i 1981
- Norske undervisningsministrar
- Venstrestatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- Byrådar i Oslo
- Venstrepolitikarar i Oslo
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Vararepresentantar til Stortinget
- Venstrepolitikarar i Sør-Trøndelag
- Norske lektorar
- Elevar ved NTNU
- Folk frå Orkdal
- Leiarar for Venstre