Stangholmen fyrstasjon
![]() | |
Fylke | Agder |
---|---|
Kommune | Risør |
Funksjon | Innseglingsfyr |
Oppretta | 1855 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 8,5 |
Form | Lyktehus på søyle |
Byggjemateriale | Betong |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sek. |
Lyshøgd | 9,0 moh. |
Lysvidde | 4,1 nm |
Status | |
Automatisert | 1959 |
Avfolka | 1959 |
![]() Stangholmen fyrstasjon | |
Stangholmen fyrstasjon er eit fyr utanfor Risør i Agder.
Stangholmen fyrstasjon vart sett i drift 27. oktober 1855. Namnet viser at det har stått eit sjømerke på øya i eldre tid, ei stong i steinen med ein arm på toppen som viser rett veg.
Fram til 1959 heldt 8 fyrvaktarfamiliar til på Stangholmen i kortare eller lengre tid. I dag vert det drive restaurant i den gamle fyrbygningen, og det gamle fyret er erstatta av eit lyktehus på søyle føre fyrbygningen.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- stangholmen.no Arkivert 2009-01-02 ved Wayback Machine.