Søndre Katland fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Søndre Katland fyrstasjon
Katland fyr Farsund.JPG
Søndre Katland fyrstasjon
Foto: Erlend Bjørtvedt
FylkeVest-Agder
KommuneFarsund
FunksjonKystfyr
Oppretta1878
Koordinatar58°03.4158′N 6°50.4117′EKoordinatar: 58°03.4158′N 6°50.4117′E
Fyrtårn
Høgd14,5
FormFyrbygning med kvitt tårn
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
LyskarakterLysglimt vart 5. sek.
Lyshøgd19,4 moh
Lysvidde8,9 nm
Status
EigarKystverket

Søndre Katland fyrstasjon er eit fyr som ligg på 2,5 sjømil ut frå Farsund i Vest-Agder. Det er eit leifyr i innseglinga til Farsund og uthamna Loshavn. Søndre Katland er særs utsett for vêr og vind og er ei dårleg hamn.

Søndre Katland fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Søndre Katland fyrstasjon

Fyret vart bygd i betong samstundes med Grønningen fyr utanfor Kristiansand. Begge desse fyra vart sett i drift 1. september 1878.

Under stormar har sjøen slått inn vindauga i 2. etasje og gjeve store vasskadar. Heile fyrbygningen kunne bli overskyld og sjølv pipa kunne verte fylt med vatn. Hamna på innsida av skjeret hadde opphavleg eit naust av tre. Etter at hard sjø øydela bygningen, vart han erstatta av ein bunkersliknande betongkonstruksjon som kunne verne båtane.

Då fyret var bemanna og matauk var viktig hadde ein kjøkkenhage i jordkassar som vart teke i hus kvar haust.

Fyret vart avbemanna i 1948.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]