Ryvingen fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om fyret. For fjellet, sjå Ryvingen i Dronning Maud Land.
Ryvingen fyrstasjon
Ryvingen.jpg
Utsikt til Ryvingen fyr og skjera ved sett frå Uranienborg i Mandal
Foto: Philip Gabrielsen
FylkeVest-Agder
KommuneMandal
FunksjonKystfyr
Oppretta1867
Koordinatar57°58.0660′N 7°29.4151′EKoordinatar: 57°58.0660′N 7°29.4151′E
Fyrtårn
Høgd22,5
FormRaudt tårn med eitt kvitt belte
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
Lyskarakter4 lysglimt vart 40. sek.
Lyshøgd52,0 moh
Lysvidde19,5 nm
Status
EigarStaten
Automatisert2002
Avfolka2002
VernestatusFreda etter lov om kulturminne

Ryvingen fyrstasjon er det sørlegaste fyret i Noreg og ligg i Mandal kommune på øya Låven[f 1]Første fyr vart reist i 1867, så eit nytt fyr i 1897. Dette siste står i dag og er 22,5 meter høyt. Fyret har vore automatisert sidan 2002.

Ryvingen fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Ryvingen fyrstasjon

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Ein aukande handelstrafikk med gode vilkår på midten av 1800-talet skapte fundament for auka satsing på tryggleik til havs. I 1865 vart det føreslått bygging av fyr sør for Mandal og to år seinare stod det første fyret klart. Det første lyset - kvitt med raudt blink kvart heile minutt - vart tent 20. oktober, ved hjelp av ein oljebrenner med veike og skorstein i glas. Konstruksjonen var enkel, ei hytte i tre bar fyrlykta på taket.

I dei tidlege dagane var fyret bemanna av fyrvaktaren og delar av familien hans, om han hadde nokon. Ein fyrbøtar var òg nødvendig for drifta og vart truleg leigd inn av fyrvaktaren sjølv med dei midlane han fekk for å drive fyret. Natt til den 23. mars 1887 forliste 27 kvalfangarar frå kvalfangstskipet «Vardöhus» utanfor fyret.

Oppgraderingar[endre | endre wikiteksten]

Aukande skipstrafikk kom til å stille krav om betre fyrlykt og innan 1897 vart det avgjort at eit fyr i støypejern skulle byggast der det gamle trefyret stod. Dei teknologiske framskritta som var gjort hadde på kort tid vorte mange og Ryvingen vart høgt prioritert. Oppslutning om fyret førte til at det vart det første med elektrisk lys og blant de første med såkalla lynblinkapparat.

Ein dampmaskin vart installert i fyret som produserte elektrisitet til lyset, med stor kolforbrenning. Då det først vart tent 25. august 1897, var fyret det nest sterkaste fyrlyset i verda, med blink på 34 millionar normallys (303 000 hefnerlys, om lag 272 000 candela). Lyset som står i dag er langt svakare. Reaksjonane på det sterke lyset let ikkje vente på seg og fiskarar frå Skagerrakskysten er sagt å ha klaga til Stortinget om tilhøva, som dei meinte ville skremme bort fugl og fisk. I avisa Lindesnes frå dei dagane er det skrive:

De blaalige, skarpe lysglimt viser sig omtrent som lyn og lyser ind på husvæggene i Mandal og flimrer langt ind over fjeldene.Taageluren, som for en tid siden blev prøvet, skræmte folk adskilligt, nogle troede det var oksebrøl, os forekom lyden at ligne løvens brøl.

Mange menneske måtte søke husvære ute på øya når arbeidsmengda tok til og fleire vart tilsett. Heile familiar levde ofte på øya, gjerne med guvernanter til å passe barn som skulle få undervisning, anten i Mandal by eller som fann stad på fyret. På det meste skal det ha budd 34-36 menneske på Ryvingen, med sosiale hierarki der fyrmeisteren, som gjerne var fintfolk, stod øvst. Til dels fruktbare jordlappar og husdyr var òg å finne ute på øya, med fordeling som bar preg av sosial status gjennom ansiennitet o.l.

Verdskrigane[endre | endre wikiteksten]

Den første verdskrigen førte til mangel på kol, som igjen førte til innskjerpingar ved ei rekkje fyr. På kalde vinternetter kunne forbruket av kol for oppvarming av dampkjelane komme opp i 900 kg, forståeleg nok vart denne praksisen umogeleg då prisene steig. Frå 1917 fram til 1921 vart det ikkje brukt elektrisitet ved fyret, og ein nytta istaden oljelampar. Etter dette tok ein i bruk gass, som vart praksis ein del tiår framover. Ikkje relatert til dette er hendinga der eit russisk skip gjekk på land like i nærleiken på vinterstid; mannskapet kom seg til fyrtårnet og redda seg.

Under den den andre verdskrigen kom denne delen av Noreg raskt under okkupasjon og fyrtårnet vart teke i bruk av den tyske okkupasjonsmakta. Fyret var som regel aldri slått på utan at melding hadde vorte gjeve frå hamnesjefen i Kristiansand, då som oftast i dei tilfelle tyske konvoiar skulle forbi. Fyret var bemanna av 20 tyske soldatar i løpet av krigen.

14. februar 1943 kom det til skotveksling ved Ryvingen fyr. Det skal ha pågått frå klokka 23:00 til nærare 00:20. Nokre kjelder hevdar dette var eit forsøk på eit alliert raid mot ein radar som hadde vorte sett opp på øya (som ikkje vart teken ned før mange tiår seinare). Ein annan teori hevder det var to lokale fiskebåtar brukt til transport som, utan å ha meldt i frå til den tyske kommandoen, hadde nærma seg fyret to gonger, delvis på grunn av ei misforståing. Det kom ikkje til personskade under denne hendinga.

Automatisering[endre | endre wikiteksten]

Ved omlegging til rein elektrisk drift i 1957 mista fyret noko av lyskrafta si, men var framleis rekna som særs kraftig. Bemanninga heldt fram etter krigen, men etter omlegginga vart stasjonen til eit tørnfyr - det vil si at fyrvaktaren ikkje bemannar fyret heile tida, men har veker på og veker av fyret. Telegrafstasjonane vart bytt ut på 1970-talet i favør av VHF-radiolinje og i 1988 vart ein straumkabel lagt til øya som gjorde hovudaggregatet berre vart reserve. I 2002 mista Ryvingen fyrbemanninga si og det er no automatisert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dette er omdiskutert, Ryvingen er eit populært namn på øya, nokre meiner Låven er namnet på berget på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]