Markøy fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Markøy fyrstasjon
Markøy lighthouse in Lyngdal.tif
Det som er att av sjølve fyrtårnet.
Foto: Danckert Monrad-Krohn / Riksantikvaren
FylkeVest-Agder
KommuneLyngdal
FunksjonKystfyr
Oppretta1725
Fyrtårn
FormKolblussfyr
ByggjematerialeStein
Status
EigarPrivat
Nedlagt1844
VernestatusFreda etter lov om kulturminne

Markøy fyrstasjon er ein tidlegare fyrstasjon på øya Markøy i Selørarkipelet vest for Lindesnes, rett sør av Sælør. Markøy fyr var i drift frå 1725 til 1844.

Då fyret på Lindesnes vart tent for andre gong i 1725, vart òg Markøy sett i drift slik at desse to fyra ikkje skulle forvekslast med Skagen fyr på danskesida.

Markøy fyr bestod opphavleg av ei fyrgryte plassert rett på fjellet. I 1822 vart det bygd eit lukka kolblussfyr på steintårn. Ruinane viser steintårnet frå 1822. Sjølve glashuset er forfalle. Det ligg glasbitar i slagget under steintårnet i dag som truleg er restar etter glashuset.

Det budde fyrvaktarfamilie på Markøy til fyret vart lagt ned i 1844. Øya gav nok høy til eit par kyr og 3-4 sauer. Øyfolket skal òg ha dyrka rug på ei lita slette.

I dag kan ein sjå tufter etter fleire bygg samt vegen ned til sjøen.

Kol til fyret vart ført på land på Kålodden. Då kolet skulle berast opp til fyret, kom folk frå heile soknet. Løna var dårleg, men det var gratis brennevin så lenge arbeidet varte. Forbruket vart påtalt og inspektøren måtte ikkje føre større brennevinsutgifter enn 3 riksdalar i rekneskapen.

Ei hollandsk losbok frå 1500-talet fortel om ein varde på Markøy. Denne er i dag borte. Nedteikninga viser at Markøy alt då var viktig for navigasjonen inn i Skagerrak.

Namnet Markøy kjem truleg frå «Mark» - eit merke - som i tydinga sjømerke.

Ruinane av fyret på Markøy er freda etter lov om kulturminner. Området er vernet som naturreservat etter lov om naturvern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]