Homborsund fyrstasjon
| |
Fylke | Agder |
---|---|
Kommune | Grimstad |
Funksjon | Kystfyr |
Oppretta | 1879 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 16,9 |
Form | Fyrbygning med tårn |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Isofase med periode på 6 sek. |
Lyshøgd | 20,1 moh. |
Lysvidde | 22,3 nm |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 1992 |
Avfolka | 1992 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Homborsund fyrstasjon | |
Homborsund fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei lita øy ved innseglinga til Homborsundet utanfor Grimstad i Agder.
Fyret har 3. ordens linseapparat og diafonen som tidlegare lagde tåkesignal er framleis intakt. Fyret vart bygd i 1879, samstundes med Lyngør fyrstasjon, og dei to lyktehusa er derfor nesten heilt like. Ved stasjonen er det bygd bustad, uthus, brønn, landingar og eit naust. I tillegg finst det ein molo. I 1992 vart fyret automatisert og avfolka.
Området er freda etter lov om naturvern på grunn av fuglelivet her og sjølve fyret er verna etter lov om kulturminne.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Homborsund fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Homborsund fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren